Personinfo + info rundt stressmestring og proaktiv problemforebygging

Impact Founding member
Per Robert Tafjord arbeider primært som coach innan  stressmestring og proaktiv problemforebygging gjennom sitt personlege firma Proaktivt Påfyll.Han er sertifisert  innan multidisiplinær stressforebygging, samt coaching av menneske som allereie er meir alvorleg stressa eller utbrende. Han følgjer her eit vitenskapeleg utarbeidd konsept som gir god og rask hjelp. Det blir gjennomført med ein innleiande samtale, etterfylgt av 7 samtalar. Dei 4-5 første samtalane er  med ei vekes mellomrom, dei 2-3 siste med to vekes mellomrom . Han kan kontaktast på stresstelefonen 70250246 eller 952 13 859. Prisen for stresscoachinga er rimeleg i forhold til det du får att. Kontakt han for meir info. Bruk konktaktmalen nedanfor. Sjå også «kjenner du deg att» nedst i denne personinfoen.

Han har eksamenar som sertifiserer innan: Livscoach gjennom Advanced Life Coaching Institute, stresscoach gjennom Forebyg Stress ApS, og er i tillegg sertifisert finansiell rådgiver BI. Han kan difor også coache rundt økonomisk stress og komplisert økonomisk adferd. Er i tillegg også sertifisert som næringslivscoach, og tilbyr fleire ulike tenester og kurs/seminar knytt til stressforebygging, arbeidsprioritering, problemforebygging, konfliktforebygging,  og betring av effektivitet og tidsstyring.

Som coach innan proaktiv problemforebygging liker han å hjelpe deg med å gripe fatt i det som skapar problem, og finne løysingar saman med deg før  problema dukkar opp neste gong. Eit menneske som kan å forebygge problem, og som kan å gå inn i problema og finne løysingar før problema kjem att neste gong, får eit langt meir triveleg og harmonisk, og samtidig mindre tidsøydande liv. Det krev ikkje mykje innsats å lære seg forebyggingsteknikkane, men ein treng ofte nokon som er der og viser veg inntil teknikkane blir mestra.

Han er opptatt av at mennesket skal nytte ut ferdigheitene sine best muleg, og ha ein god  livstrivsel, og bruker m a bloggen www.godlune.wordpress.com  til å formidle informasjon rundt dette. Sjå også heimesidene www.stressplaget.no og www.godlune.no .

Kjenner du deg att i noko av dette?

* Eg er innestengd, og kjem meg ikkje vidare. * Eg har ikkje lenger eit liv med overskot – eg er utslitt, stressa og utbrend. * Eigentleg er det ingen som set pris på meg. Ingen på jobben er klar over kva eg eigentleg klarer å prestere. * Eg strekk ikkje lenger til for nokon, ikkje for jobben, ikkje for barna, ikkje for partneren min. * Eg aktiviserer meg ikkje lenger i lokalsamfunnet – og eg unngår å møte naboane. * Eg føler meg frustrert heile tida. * Eg kjem ikkje lenger nokon veg med livet mitt. * Eg trur ikkje lenger at eg har dei eigenskapane som skal til, hverken i  jobben eller i livet elles. * Det eg klarer å prestere betyr ikkje noko for meg eller andre lenger. * Eg er tom innvendig. * Eg er utsliten etter to timar på jobben. * Eg blir så lett sint, utan å vite kvifor. * Eg gler meg ikkje til å gå på jobben – og eg gler meg ikkje til å gå heim att etter jobben. * Eg klarer ikkje jobbpresset lenger, og eg  når ikkje  på langt nær dei tala eg nådde før. * Det er ingenting eg kan forandre av det som er galt.

Kjenner du deg att i meir enn 3-4 av desse utsegnene? Då bør du ta det alvorleg, og gjere noko med det. Ta kontakt.

NB: Dersom du føler deg alvorleg stressa – eller utbrend, skal du kontakte lege, også for å få fastslått at det ikkje kan vere andre alvorlege ting. Innhaldet på sidene mine er ikkje meint å erstatte oppfølging frå lege. Stressforebyggande coaching, og coaching av meir alvorleg stressa og utbrende gjennom det konseptet eg brukar hjelper deg med å kome langt raskare bort frå dei plagene stress og utbrentheit fører med seg.

Kontakt

Bruk notatfeltet nedanfor for å ta kontakt. Det du melder blir sendt direkte til e-postkasse for vidare bearbeiding:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s