Feiringstilbod på stresstermometer

2014-02-12 15.30.44 Proaktivt Påfyll og Per Robert Tafjord feirer at eg idag har  passert 15.000 klikk på www.stressplaget.wordpress.com . Dette feirer vi med eit eingongstilbod på Stresstermometeret, der du kun i dag og i morgon får dette til kr 247,- inkl moms, Normalprisen er på kr 397,- (Amazon.com tek USD 39,95 + frakt, i tillegg kjem det norsk momstillegg).

Prisen på kun kr 247,- inkluderer termometeret, A5 acrylstand inklusiv bruksveiledning, samt ein 8-siders infomanual om bruksmetodikken av stresstermometeret. (Vi tek forbehold om at lageret vi har evt går tomt, då vil det gå ca 10 dagar før vi får inn att nye)

Korleis fungerer stresstermometeret? 

2014-03-25 11.53.19    2014-03-25 11.58.59

Når du er stressa og anspent vil blodet ditt gå til musklane dine, slik at du får krefter og er klar for å ta opp den kampen mot det du stå ovanfor, eller til å gi deg kraft til å flykte raskast og lengst muleg bort frå faren. Det gjer at temperaturen i huda di fell, i og med at blodet ditt er andre stadar i kroppen din. Når dette skjer, er du ei ein periode i ein sterkt stressa livssituasjon. Dessverre er mange av oss alt for ofte i denne situasjonen. Stresstermometeret viser deg om du er Anspent, Nervæs, Uroleg, Roleg eller Herleg avslappa. ER temparaturen lav, er det eit signal om at du er for stressa. Er temperaturen høg, er det godt for kroppen din og for di helse.

Det første bildet ovanfor viser ein noko stressa situasjon, det etterfølgande bildet viser at kroppen er i ferd med å vere roleg og harmonisk att.

Prisen på kun kr 247,- inkluderer termometeret, A5 acrylstand inklusiv bruksveiledning, samt ein 8-siders infomanual om bruksmetodikken av stresstermometeret.

Dersom du bestemmer deg innan kl 2400 tysdag 24.03.2014  vil du i tillegg få med ei cd med avspenningsmusikk. Denne har ein ordinær pris på inntil kr 179,-.

NB, Det ser ut til å vere ein heng i tekstboksen eg la opp nedanfor, difor vart denne fjerna. Eg  ber deg om at du gjer følgjande; Send meg namn, fullstendig adresse, telefonnummer og e-postadresse med bestilling til kontakt@kompetus.no – så vil ordren din bli fylgt opp.

(c) Per Robert Tafjord, Tlf 952 13 859   kontakt@kompetus.no

Tlf

Posta under Stressforebyggende artikler | Merkt , , | Kommenter innlegget

6 sunne handlingar vi treng gjere kvar dag (1)

Krydder chili bilde

6  sunne handlingar vi treng gjere kvar dag.

Det finst nokre få handlingar vi menneske må gjere kvar dag for at livet skal bli best muleg og sunnast muleg. Dei er så legge å oversjå, og også ganske lette å utføre. Eg innrømmer, eg har i ein periode forsømt fleire av dei. Når vi gjer dei, vil dei ha stor innvirkning på livet, på helsa, på trivselen og også på menneska vi har rundt oss til dagleg. Eg kjem til å nemne 5 ulike aktivitetar som eg sjølv kjem til å gjere meir av framover. Det finst sjølvsagt mange fleire aktivitetar som er sunne og gode for oss, men dei du kjem til å få i dagane framover, er av dei viktigaste.

1. Et sunn mat – og kroppen din vil takke deg

Eg har ikkje sjølv den lettaste kroppen, og det gjeld også meir enn berre kroppsvekta. Legen min seier at det er to ting som gir ein lettare kropp, og det er mindre matinntak og meir mosjon. Dette er nok rett, men ikkje alltid lett å få til.

Ein kropp er uansett kjempeglad for at matinntaket er sunt og også variert. Eg skal ikkje gi meg ut på å vurdere kva som er sunn mat for deg, då dette ikkje er likt for alle menneske. Frukt og grønnsaker er likevel ikkje å forakte. Godt og reint vatn gjer også godt, og er nok sunnare enn drikker med masse sukker, og tørstedrikkar med alkohol.

Når vi menneske skal forandre ein gammal vane, og erstatte den med ein ny, skal vi alltid rekne med at det går ein månad før vi merker resultat. Det same gjeld, seier kosthalds-ekspertar, når vi skal forandre matvanane våre. Gi deg sjølv og kroppen din ein månad med sunnare matvaner, og sjå kva som vil skje.

Eg er heilt sikker på at eg i den komande månaden kjem til å merke ei forandring i meg. Eg er sikker på at eg får meir energi, blir mindre trøytt ut over dagen, kjem til å sove betre, og også ha betre konsentrasjon + mange andre fordelar.

Min indre rådgivar, og også min eksterne rådgivar fortel meg at sunnare matvaner vil forandre livet mitt. Det kjem til å kreve litt meir disiplin enn eg har utøvd siste tida. Sidan eg et likevel, vil det ikkje ta noko særleg meir tid enn det har gjort tidlegare, berre litt meir planlegging. Disiplin er nemleg sunt, også når det gjeld matinntaket.

(c) Per Robert Tafjord

I morgon kjem handling nr 2: Nyt livet, og lev i nuet

Posta under Stresstips | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Kan eit 4-siders gratis innboks-magasin gi deg eit verdipåfyll?

Gratis innboksmagasin «Proaktivt Påfyll for folk flest».

 Er eit 4 siders gratis innboksmagasin som eg lanserte første utgåve av no i mars. Det kjem til å kome ut (minimum)  ein gong år mnd i 2014. Magasinet er gratis.  Det tek opp fleire små tema i kvart nummer. Tilbakemeldingane frå testgruppa er positiv. Eg oppmodar deg om at du fyller inn påmeldingsboksen nedanfor, og sender den over til meg. Du vil då få tilsendt Proaktiv Påfyll for folk flest kvar gong ei ny utgåve er ferdig.

Per Robert Tafjord

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vil du ha eit gratis innboks-magasin?

IMAG0530Eg vil gi deg eit gratis innboksmagasin der eg ønskjer å få lage til eit månadleg minimagasin rundt ulike tema til deg. Eg har gjort ferdig det første innboksmagasinet. Det heiter «Proaktivt Påfyll for folk flest». Det er på 4 sider, og første nummer inneheld primært kompetansepåfyll om stressmestring og proaktiv problemforebygging.

Artiklane i første nummer er:

  • Stressmestring og proaktiv problemforebygging.
  • Stress, farleg å oversjå
  • Problemsirkelen/påvirkingssirkelen, eit proaktivt og problemløysande arbeidsverktøy mot stress
  • ER det så enkelt å ta knekken på problema?
  • Tankefrø, kva er  no det?
  • Affirmasjonar – eller positive setningar i presens
  • Den positive tanke og handlekraftlova
  • Tankefrø til ettertanke
  • Kvifor brukar Proaktivt Påfyll ei puslespelbrikke som logo?
  • Kva skjer vidare?
  • 7 gode aktivitetar mot stress

Magasinet er gratis, og meininga mi er å lage minst 10 stk pr år som tek opp små tema. Tilbakemeldingane frå testgruppa er positiv, og eg oppmodar deg om at du fyller inn påmeldingsboksen nedanfor, og sender den over til meg. Du vil då få tilsendt Proaktiv Påfyll for folk flest kvar gong ei ny utgåve er ferdig.

Posta under Coaching | Merkt , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Endeleg. No kan du bli kvitt stresset ditt- ein gong for alle!

??????????????????????????????????????????????????????????????????????????Dette vesle innlegget er berre for deg som ønskjer at du skal lære deg å bli kvitt stresset ditt, ein gong for alle.

Stress gjer ein enorm skade på deg som menneske. Det du kanskje ikkje veit er at du kan  gjere noko med det. Du kan lett lære deg å gjere det som skal til for å leve eit langt betre liv utan stress. Du kan lett gjere den innsatsen som skal til, og den er er moderat i forhold til  det fantastiske livet du får etter at du har lært deg å mestre påkjenningane som gjer deg stressa i dag.

Sjå det for deg: Allereie om ei veke har du lært teknikkar som gjer at du føler deg mindre stressa, og om berre 8 veker føler du deg som eit heilt nytt menneske. Og, det gode er: Det vil vare. Om 8 veker kan du ei mengd verktøy som du lett kan bruke for å få bort alle stressplagene du i dag har i livet ditt.

Har du lyst til å vite meir? Fyll inn kontaktformularet nedanfor, og klikk på sendknappen, så vil du bli raskt kontakta tilbake av meg. Du kan også sende meg ein sms til 952 13 859, så ringer eg deg tilbake, eller sende ein e-post til kontakt@kompetus.no .

Posta under Stressforebyggende tjenester og produkter | Merkt , , | Kommenter innlegget

Bruk humor og leik til å overvinne utfordringar (tema 7)

iStock_000017050806LargeBruken av humor og leik vil medføre at du lettare vinn over utfordringar, og forbetrer livet ditt.

Vi menneske har evna til å le, leike og ha det moro. Det gir oss mange fordeler. Det gjer livet meir behageleg, og i tillegg gjer det at vi klarer å løyse problem lettare. Det gir det lettare kontakt med andre, og det er dokumentert at humor gjer menneske meir kreative. Humor og leik fornyar oss, og det forbetrer relasjonane til andre menneske.

Du bestemmer langt på veg korleis du vil ha livet ditt. Dersom du ser alt for høgtideleg og skal vere heilt «seriøs» heile tida, vil livet lett bli problematisk og slitsamt. Ser du positivt på utfordringane, og krydrar det med fantasi og gleder, blir livet herleg verdifullt å leve.

Kva gjer du så om du er stressa eller utbrent? Skal du då gi opp? Nei, tvert i mot. Det er då du skal begynne å gjere noko aktivt og proaktivt for å betre situasjonen din. Du  har, sjølv om du er utbrent, enno krefter og restvilje i deg til å bruke humoren som ei drivkraft. Du kan ikkje tenkje som du har gjort så langt. Heller ikkje agere som du har gjort så langt. Å gjere meir av det same som har skapt situasjonen løyser ikkje opp i situasjonen. Du må kome deg på utsida av den ramma du har vore i, den som har skapt situasjonen, dersom du er sliten, stressa eller utbrent.

Finn fram verktøykassa di, og bruk det mentale brekkjarnet til å fjerne nokre fjøler i ramma du har rundt deg. Når fjølene er borte, kan du puste friare. Så kan du lage deg eit så stort hol at du kjem deg ut. La den nye humoren din få lov til å sleppe seg laus. Gi deg sjølv nytt spelerom. Gi meir blaffen i det som har vore alvoret i livet ditt, dvs den delen av alvoret som du ikkje treng å ha med deg vidare. Litt alvor skal vi ha.

Leik med dei utfordringane du hadde som barn. Eit barn som møter ei utfordring har som oftast nok mot til å leike med, og lære av, utfordringa. Det gir dei livsframgang, og det skapar noko i barnet. Det same gjer det for oss når vi er vakne.

Våg, frå og med i dag, å vere mindre seriøs. Ha fokus på gleda. Sjå lyst på livet ditt. Bruk livslystene. Smil og le. Fortelle dumme, så vel som mindre dumme vitsar, og le med dei som ler av og med deg. La latter, humor og leik bli ein integrert del av livet ditt. Det gjer at kreativiteten blomstrar lettare, og det gjer det gøyale endå meir gøyalt saman med gode vener.

Møt kvar dag med eit smil på leppene. La humoren ta deg med til eit høgare nivå i livet ditt.

(c) Per Robert Tafjord

Ps Dette var det siste innlegget om humor for denne gong. Det har vore spreidd over einlengre periode. Eg kjem til å samle saman innlegga i ein lang artikkel, og publisere den i sin samanheng. Treng du ein kopi av desse artiklane? Ta kontakt med meg, så sender eg den til deg. Send ein e-post til kontakt@kompetus.no og be om å få humorartikkelen i si heilheit.

Posta under Humor | Merkt , , , , , , | Kommenter innlegget

Har du lyst til å vinne eit stresstermometer?

2014-02-12 15.30.44  Send meg dine beste tips for korleis du held deg stressfri. Då blir du med i trekninga av eit stresstermometer med bruksinformasjonshaldar i akryl. Du får også med ei avspennings-cd. Samla verdi på stresstermometeret inklusiv cd er kr 397,-.

Alt du treng å gjere er å sende inn dei beste tipsa for korleis du held deg mest muleg stressfri til epost kontakt@kompetus.no innan fyrstkomande laurdag. Du har tid på deg fram til klokka bikkar midnatt, men kvifor vente? Gjer det no, klikk på kontant@kompetus.no og send dine beste tips. Kanskje blir det du som vinn dette Stresstermometeret?

(c) Per Robert Tafjord

ps. Stresstermometeret har sidan tidleg på 1990-talet vore anerkjent som eit påliteleg måleinstrument for å sjekke stress-og avspenningsnivå i kroppen. Effekten er god, og forsterkar stressmestringa og evnen til å slappe når ein er plaga av mange ulike skadelege påkjenningar.  Du kan m a få dokumentert:

  • Kvar ligg stressnivået ditt til ei kvar tid, og du kan også sjå korleis du ligg an i forhold til eit normalt stressnivå
  • Du kan finne ut kor lang tid det går før kroppen din roar seg ned etter slitsame og stressande påkjenningar
  • Du kan finne ut kva som skjer med roa i kroppen din når du lyttar til musikk eller guida meditasjonar
  • Du kan finne ut kvar stress-og spenningsnivået ditt ligg på ulike tidspunkt på dagen, og – er eg meir stressa enkelte dagar enn andre?
  • Det kan brukast for å få barn og skuleelevar rolegare
  • Terapiverktøy ved sinne- og temperementsmestring
  • Det kan redusere haudpina ved at du sit roleg og måler temperaturendringa i kroppen når du er i ro
  • Kan dempe ADHD og andre sjukdomar, ved at ein held seg roleg medan ein gjer målingane
  • Du kan bruke det til å overvinne lysta på røyk. Sjå kva som skjer med stresstemperaturen din når du overvinn røyklysta
  • + mange andre bruksområde

Dersom du har bestemt deg for at du vil kjøpe ditt eige Stresstermometer allereie no, er prisen kr 397,- + evt porto, inklusiv akrylstativ og avspennings-cd + bruksveiledning.

Pris utan akrylstativ og avspennings-cd er kr 247,- + evt porto.

Posta under Coaching, Stressforebyggende tjenester og produkter | Merkt , , , , , , | Kommenter innlegget

Lyst å vinne eit stresstermometer? Send meg ein e-post med ditt beste stressmestringstips

2014-02-12 15.30.44 Vi menneske har mange ulike aktivitetar vi kan nytte for å ta knekken på stresshormona våre. Eg er litt nysgjerrig på kva måte nettopp du brukar for å ta knekken på stresset når du føler at du har hatt det slitsamt. Kva gjer du for å finne tilbake til din gode og trivelege allmenntilstand?

smilande parDersom du sender meg stresstipset ditt innan laurdag blir du med i trekninga av eit stresstermometer inklusiv ei avspennings-cd, samla verdi av kr 397,-. Send tipset til kontakt@kompetus.no . Opplys namn og adresse, og om eg evt har lov til å publisere tipset ditt på bloggen min, samt  om eg får publisere det med eller utan ditt namn.

På førehand takk.

Per Robert Tafjord

Posta under Stresstips | Merkt , | Kommenter innlegget

Har du lyst til å utvikle din humoristiske sans, og ta deg sjølv langt mindre alvorleg?

055

«-Tenk om nokon ler av meg!»  Har du nokon gong tenkt denne tanken? Eller  høyrt opphavet ditt sei nesten det same: «Gjer du det, så berre ler folk av deg?» Mange har fått øydelagt mykje i livet sitt av nettopp disse to tankane.

Ein viktig egenskap som kjem til nytte og hjelper oss til å le, er nettopp det at vi ikkje tek oss sjølv for høgtideleg. Dei aller fleste av oss har vel ein eller anna gong møtt på ein suring med samanbitte tenner og verkande kjever, som tilsynelatande ikkje har drege på smilebandet sidan voggestadiet. «Kom ikkje til meg med noko som er gøy».

Vi menneske har sjølvsagt mange livsopplevingar som er triste, og som ikkje gir rom for dei store latterkulene. Men vi er ikkje berre tristheit eller glede. Vi er begge deler, også i dei triste livshendingane, som f eks etter eit dødsfall i nær familie. Når vi sit og minnest kjem gåde latterkulene og tårene. Latteren høyrer med, då også, og gjer ei sorg meir overkomeleg.

Handlingar som kan hjelpe deg til å sjå lysare på livet:

  • Det hjelp sjølvsagt å slå på lyset, men det var ikkje akkurat det eg tenkte på no.
  • Le av deg sjølv. Del tabbane dine og litt småpinlege opplevelsar. Den beste måten å ta seg sjølv mindre seriøst på, er å snakke om den gongen då ein tok seg sjølv så alt for seriøst.
  • Forsøk å le av situasjonar i staden for å klage på dei. Sjå etter humoren i ein dårleg situasjon, i det ironiske og i det absurde i livet. Det hjelper på humøret og på stemninga rundt deg.
  • Omgi deg med ting som gjer livet ditt lettare. Har du ei leike på skrivebordet eller i bilen? Har du ei teikneseriestripe frå favorittteikneserien din på kjøleskapsdøra? Ein morosam plakat på kontoret? Ein dataskjersparar som lokkar fram latteren? Eit bilde av deg saman med vener i lystig lag? Benytt dei små tinga, dei gir deg gode energiar.
  • Hald tankane i dei rette perspektiv. Mange ting i livet er utanfor vår kontroll – spesielt adferda til andre menneske. Det finst menneske som trur dei ber verdas byrder på skuldrane sine, og du vil innimellom møte på ein av disse. Som har eit liv der alt går på tverke, og som undar å fortelje det til alle. Distanser deg bort frå disse menneska, og ta for all del ikkje deira veremåte inn over deg. Å vere plaga av andre menneske er ein stressfaktor, og det kan resultere i alvorleg stress og utbrentheit.
  • Handter stresset ditt. Når du er stressa er dette eit stort hinder for humor og latter. Eit utbrent menneske er så godt som totalt fråverande fra all humor. Når det å le er ei plage, då er det fare på ferde.
  • Ver merksam på korleis barna er, og lær av dei. Barn har ei naturleg evne til å vere aktive, til å leike, til å lære av livet, vere til stades i livet, le naturleg og vere seg sjølv. Bli av og til eit barn igjen. Når laga du sist ein snømann ( okei, eg veit at dette har vore vanskeleg på Sunnmøre denne vinteren)? Når laga du sist ei seljefløyte?

Sjekkliste som kan gere at du lettare ser lyset

Når du er oppteken med bekymringar og problem, reelle som berre tenkte, skal du stille deg disse spørsmåla:

  1. ER dette noko eg treng å vere opptrekt over?
  2. Treng eg å skake opp andre med dette?
  3. Er dette så viktig for meg?
  4. Er dette virkeleg noko som er så ille?
  5. Er situasjonen uoppretteleg?
  6. ER dette virkeleg eit problem?
  7. Treng eg gå rundt med angsten form om dette skal kome til å skje ein eller anna gong?
  8. Kva kan eg gjere for å gi slepp på dette, akkurat her og no?

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

Er disse artiklane til nytte for deg? Eg høyrer gjerne tilbakemelding frå deg om di meining, og tek også mot innspel som er til nytte. Send ei melding til kontakt@kompetus.no eller du kan også ringe om du vil.

Posta under Coaching, Humor | Merkt , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Er latter berre til å le av ( Tema 5, del 3/2

iStock_000012722858MediumFinn fram dei gode muligheitene til å kunne le

Kva kan du gjere for å le meir? Her kjem nokre forslag:

  • Sjå morosame filmar, revyar, gå på stand-up
  • Finn fram morosame filmsnuttar på YouTube og andre humorspreiarar på nettet
  • Undersøk om du har ein humorklubb nær der du bor ( eller- kva med å starte ein sjølv?)
  • Les vitsesider og andre sider med lett humoristisk stoff
  • Ver meir saman med morosame menneske, som både tek livet og latteren avlorleg
  • Del ein god vits eller ei morosam historie med andre
  • Finn ut kva som er dei beste vitsebøkene i bokhandelen, og kjøp nokre av dei
  • Inviter venene dine til en kveld der leik, spel og humor blir sett i høgsetet
  • Leik meir med eit kjæledyr
  • Finn ut kvar det blir arrangert latteryogakurs, og meld deg på. Hugs å delta.
  • Ta deg ein spasertur saman med eit lite barn, og leik meir saman med det.
  • Gjer noko du syns er direkte dumt.
  • Sett av tid til morosame aktivitetar
  • Gå på ein kakaokekveld saman med vener, og ver sjølv ein av deltakarane
  • Tør å sprenge andre grenser som du og andre kan le av  i ettertid.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

Ps.

Per Robert Tafjord arbeider som stress- og livscoach. Han brenn for å hjelpe deg til å ha eit mindre stressa og meir innhaldsrikt liv, der du lever i harmoni med deg sjølv, og får nytte ferdigheitene dine best muleg. Han ser på verdien av at du er proaktiv, i betydinga å vere forutsåande og forebygge – før eit problem vert eit vedvarande håplaust og skadeleg tilfelle. Han har oppdaga at du som lærer deg multidisiplinær stressmestring lettare finn fram til kva du vil, i og med at du lærer deg måloppnåing, og du får så mange fordelar seinare i livet. For det første så merker du stress-signala så snart dei er der, og du blir også meir effektiv i og med at du lærer deg å prioritere og gjere det viktigaste først. Du lærer deg å la vere å utsette, og du lærer deg også å redusere perfeksjonismen, dersom du er plaga av dette. Du gjennomfører draumane dine, og slepp i godt vaksen alder å angre på alt du ikkje gjorde av det du drøymde om mens du kunne. Det er likevel aldri for seint å gjere noko meir.

Kontakttelefon 952 13 859  e-post: kontakt@kompetus.no

Posta under Coaching, Humor, Stressforebyggende artikler | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget