Eg trur ikkje på dei kjappe «løysingane»

Bilde (6)Det finst ikkje noko god, rask løysing på å bli kvitt dei fleste av livets mangfald av plager. Det vere seg stress, sosial angst, mistrivsel, erfaring med kjærleikssorg, mildare sorgreaksjonar, og mange aldre plager som kan vere alt frå moderate til livstruande.

Dessverre finst det eit mangfald av tilbod om raske løysingar, på produkt og på piller, som kan løyse alt for deg i løpet av ein dag. Dessverre, eg trur ikkje at det å finne fram til løysingane, samt det å innarbeide varige løysingar på slike problem, er «hurtigmat», der du kan bestille, betale og umiddelbart vere kvitt problemet for godt, ein gong for alle.

«Hurtigmatløysingane» kan vere til nytte i ein del tilfelle, men ikkje for lengre periodar. Dei legg ein dempar på problema, men det er aldri med å bidra til å finne fram til årsaka til problema. Så lenge ein ikkje finn fram til disse, og lærer det som skal til for å få det  bort i framtida, dukkar problemet fram att når ein sluttar å bruke hurtigmatløysinga. Og kva er då best? Å lære seg korleis ein skal handtere utfordringane, slik at ein får bort problema, eller nytte seg av hurtigmatløysingar som demper problemet, og som samtidid dempar livsaktiviteten, men ikkje gjer noko konkret med årsakene?

Som du sikkert har forstått så trur eg meir på ei form for mental medisinering som hjelpemiddel mot stress, sosial angst, mistrivsel over livet, kjærleikssorg og mildare sorgreaksjonar, enn kva eg trur på ei lengre pilledemping av kjenslene dei skapar. Medisineringa dempar kjenslene, men ein pille kan aldri lære deg kva du skal gjere for å handtere dei stemningane som oppstår frå ditt indre. Ein lykkepille kan ikkje forandre tankemønsteret ditt. Det kan du sjølv gjere ved å arbeide positivt med tankane og følelsane dine. Berre du kan, og i tillegg kan det vere nyttigt å ha bistand frå nokon som kan støtte deg i denne læreprosessen.

NB. Illustrasjonen er ikkje tilfeldig valgt. Vil du nå fram til målet, må du lære deg korleis du skal forebygge indre plager, og løyse dei innafrå og ut.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

ps. Har du behov for å lære deg meir om korleis du skal handtere ulike livsplager? Ta kontakt med meg på telefon 952 13 859, eller send meg ein e-post til kontakt@kompetus.no

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s