6 sunne handlingar vi treng gjere kvar dag (1)

Krydder chili bilde

6  sunne handlingar vi treng gjere kvar dag.

Det finst nokre få handlingar vi menneske må gjere kvar dag for at livet skal bli best muleg og sunnast muleg. Dei er så legge å oversjå, og også ganske lette å utføre. Eg innrømmer, eg har i ein periode forsømt fleire av dei. Når vi gjer dei, vil dei ha stor innvirkning på livet, på helsa, på trivselen og også på menneska vi har rundt oss til dagleg. Eg kjem til å nemne 5 ulike aktivitetar som eg sjølv kjem til å gjere meir av framover. Det finst sjølvsagt mange fleire aktivitetar som er sunne og gode for oss, men dei du kjem til å få i dagane framover, er av dei viktigaste.

1. Et sunn mat – og kroppen din vil takke deg

Eg har ikkje sjølv den lettaste kroppen, og det gjeld også meir enn berre kroppsvekta. Legen min seier at det er to ting som gir ein lettare kropp, og det er mindre matinntak og meir mosjon. Dette er nok rett, men ikkje alltid lett å få til.

Ein kropp er uansett kjempeglad for at matinntaket er sunt og også variert. Eg skal ikkje gi meg ut på å vurdere kva som er sunn mat for deg, då dette ikkje er likt for alle menneske. Frukt og grønnsaker er likevel ikkje å forakte. Godt og reint vatn gjer også godt, og er nok sunnare enn drikker med masse sukker, og tørstedrikkar med alkohol.

Når vi menneske skal forandre ein gammal vane, og erstatte den med ein ny, skal vi alltid rekne med at det går ein månad før vi merker resultat. Det same gjeld, seier kosthalds-ekspertar, når vi skal forandre matvanane våre. Gi deg sjølv og kroppen din ein månad med sunnare matvaner, og sjå kva som vil skje.

Eg er heilt sikker på at eg i den komande månaden kjem til å merke ei forandring i meg. Eg er sikker på at eg får meir energi, blir mindre trøytt ut over dagen, kjem til å sove betre, og også ha betre konsentrasjon + mange andre fordelar.

Min indre rådgivar, og også min eksterne rådgivar fortel meg at sunnare matvaner vil forandre livet mitt. Det kjem til å kreve litt meir disiplin enn eg har utøvd siste tida. Sidan eg et likevel, vil det ikkje ta noko særleg meir tid enn det har gjort tidlegare, berre litt meir planlegging. Disiplin er nemleg sunt, også når det gjeld matinntaket.

(c) Per Robert Tafjord

I morgon kjem handling nr 2: Nyt livet, og lev i nuet

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s