6 sunne handlingar vi treng gjere kvar dag (2)

smilande parNyt livet – og lev meir i nuet

Går du rundt og ventar på at det rette tidspunktet skal kome? Der alt klaffar slik at du kan begynne å nyte, og også nytte livet? Då har du venta lenge nok, for skal du nyte livet, er det rette tidspunktet akkurat her og no. Du kan ikkje sette livet og livsnytinga på vent til alle forhold ligg til rette for det, for dersom du gjer det, vil du oppleve at det rette tidspunktet aldri kjem. Det rette tidspunktet det må du sjølv skape, du må velje å ha det.

Det har forbausa forskarar at folk som føler at dei har eit godt liv, langt på veg er like sunne som dei som har ein slank og veltrena kropp, sjølv om dei pustar meir når dei går dei bratte bakkane. Det viktigaste i livet er å føle at ein har det godt, og har ei god ro i seg, og føler at ein verkeleg er fornøgd. Enkelte menneske mestrer dette betre enn andre. Det er difor viktig å planlegge at ein skal ha det godt og harmonisk. Det krev nemleg planlegging for å kunne ha det her og no. Ein må velje det- og gjere det. Det er ikkje noko ein kan spare opp og leve ut når ein er komen på gamleheimen.

Du treng ikkje vente til du har flust opp av pengar, eller til du har nådd karrieremåla dine. Dersom du skal vente til då, har du heilt sikkert funne andre hindringar som gjer at du ikkje kan leve i nuet.

Bestem deg for å leve meir i nuet, kvar einaste dag. Det krev ikkje mykje av deg. Nyt kjæresten din når du vaknar. Syng ein glad song. Ha ein god prat ved frukostbordet. Gå ein tur etter den sunne middagen etter jobb. Leik meir med barna eller barnebarna. Gå ein tur til elva og nyt lyden og roa. Fortel deg sjølv at du er eit herleg og triveleg menneske. Smil til verda og nyt å vere meir til stades i nuet.

(c) Per Robert Tafjord

ps. Når du lever meir i nuet, i dei stundene du er i nuet, finst det ikkje rom for problem og farefulle stunder inne i deg.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende artikler og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s