Bruk humor og leik til å overvinne utfordringar (tema 7)

iStock_000017050806LargeBruken av humor og leik vil medføre at du lettare vinn over utfordringar, og forbetrer livet ditt.

Vi menneske har evna til å le, leike og ha det moro. Det gir oss mange fordeler. Det gjer livet meir behageleg, og i tillegg gjer det at vi klarer å løyse problem lettare. Det gir det lettare kontakt med andre, og det er dokumentert at humor gjer menneske meir kreative. Humor og leik fornyar oss, og det forbetrer relasjonane til andre menneske.

Du bestemmer langt på veg korleis du vil ha livet ditt. Dersom du ser alt for høgtideleg og skal vere heilt «seriøs» heile tida, vil livet lett bli problematisk og slitsamt. Ser du positivt på utfordringane, og krydrar det med fantasi og gleder, blir livet herleg verdifullt å leve.

Kva gjer du så om du er stressa eller utbrent? Skal du då gi opp? Nei, tvert i mot. Det er då du skal begynne å gjere noko aktivt og proaktivt for å betre situasjonen din. Du  har, sjølv om du er utbrent, enno krefter og restvilje i deg til å bruke humoren som ei drivkraft. Du kan ikkje tenkje som du har gjort så langt. Heller ikkje agere som du har gjort så langt. Å gjere meir av det same som har skapt situasjonen løyser ikkje opp i situasjonen. Du må kome deg på utsida av den ramma du har vore i, den som har skapt situasjonen, dersom du er sliten, stressa eller utbrent.

Finn fram verktøykassa di, og bruk det mentale brekkjarnet til å fjerne nokre fjøler i ramma du har rundt deg. Når fjølene er borte, kan du puste friare. Så kan du lage deg eit så stort hol at du kjem deg ut. La den nye humoren din få lov til å sleppe seg laus. Gi deg sjølv nytt spelerom. Gi meir blaffen i det som har vore alvoret i livet ditt, dvs den delen av alvoret som du ikkje treng å ha med deg vidare. Litt alvor skal vi ha.

Leik med dei utfordringane du hadde som barn. Eit barn som møter ei utfordring har som oftast nok mot til å leike med, og lære av, utfordringa. Det gir dei livsframgang, og det skapar noko i barnet. Det same gjer det for oss når vi er vakne.

Våg, frå og med i dag, å vere mindre seriøs. Ha fokus på gleda. Sjå lyst på livet ditt. Bruk livslystene. Smil og le. Fortelle dumme, så vel som mindre dumme vitsar, og le med dei som ler av og med deg. La latter, humor og leik bli ein integrert del av livet ditt. Det gjer at kreativiteten blomstrar lettare, og det gjer det gøyale endå meir gøyalt saman med gode vener.

Møt kvar dag med eit smil på leppene. La humoren ta deg med til eit høgare nivå i livet ditt.

(c) Per Robert Tafjord

Ps Dette var det siste innlegget om humor for denne gong. Det har vore spreidd over einlengre periode. Eg kjem til å samle saman innlegga i ein lang artikkel, og publisere den i sin samanheng. Treng du ein kopi av desse artiklane? Ta kontakt med meg, så sender eg den til deg. Send ein e-post til kontakt@kompetus.no og be om å få humorartikkelen i si heilheit.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Humor og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget