Har du lyst til å utvikle din humoristiske sans, og ta deg sjølv langt mindre alvorleg?

055

«-Tenk om nokon ler av meg!»  Har du nokon gong tenkt denne tanken? Eller  høyrt opphavet ditt sei nesten det same: «Gjer du det, så berre ler folk av deg?» Mange har fått øydelagt mykje i livet sitt av nettopp disse to tankane.

Ein viktig egenskap som kjem til nytte og hjelper oss til å le, er nettopp det at vi ikkje tek oss sjølv for høgtideleg. Dei aller fleste av oss har vel ein eller anna gong møtt på ein suring med samanbitte tenner og verkande kjever, som tilsynelatande ikkje har drege på smilebandet sidan voggestadiet. «Kom ikkje til meg med noko som er gøy».

Vi menneske har sjølvsagt mange livsopplevingar som er triste, og som ikkje gir rom for dei store latterkulene. Men vi er ikkje berre tristheit eller glede. Vi er begge deler, også i dei triste livshendingane, som f eks etter eit dødsfall i nær familie. Når vi sit og minnest kjem gåde latterkulene og tårene. Latteren høyrer med, då også, og gjer ei sorg meir overkomeleg.

Handlingar som kan hjelpe deg til å sjå lysare på livet:

  • Det hjelp sjølvsagt å slå på lyset, men det var ikkje akkurat det eg tenkte på no.
  • Le av deg sjølv. Del tabbane dine og litt småpinlege opplevelsar. Den beste måten å ta seg sjølv mindre seriøst på, er å snakke om den gongen då ein tok seg sjølv så alt for seriøst.
  • Forsøk å le av situasjonar i staden for å klage på dei. Sjå etter humoren i ein dårleg situasjon, i det ironiske og i det absurde i livet. Det hjelper på humøret og på stemninga rundt deg.
  • Omgi deg med ting som gjer livet ditt lettare. Har du ei leike på skrivebordet eller i bilen? Har du ei teikneseriestripe frå favorittteikneserien din på kjøleskapsdøra? Ein morosam plakat på kontoret? Ein dataskjersparar som lokkar fram latteren? Eit bilde av deg saman med vener i lystig lag? Benytt dei små tinga, dei gir deg gode energiar.
  • Hald tankane i dei rette perspektiv. Mange ting i livet er utanfor vår kontroll – spesielt adferda til andre menneske. Det finst menneske som trur dei ber verdas byrder på skuldrane sine, og du vil innimellom møte på ein av disse. Som har eit liv der alt går på tverke, og som undar å fortelje det til alle. Distanser deg bort frå disse menneska, og ta for all del ikkje deira veremåte inn over deg. Å vere plaga av andre menneske er ein stressfaktor, og det kan resultere i alvorleg stress og utbrentheit.
  • Handter stresset ditt. Når du er stressa er dette eit stort hinder for humor og latter. Eit utbrent menneske er så godt som totalt fråverande fra all humor. Når det å le er ei plage, då er det fare på ferde.
  • Ver merksam på korleis barna er, og lær av dei. Barn har ei naturleg evne til å vere aktive, til å leike, til å lære av livet, vere til stades i livet, le naturleg og vere seg sjølv. Bli av og til eit barn igjen. Når laga du sist ein snømann ( okei, eg veit at dette har vore vanskeleg på Sunnmøre denne vinteren)? Når laga du sist ei seljefløyte?

Sjekkliste som kan gere at du lettare ser lyset

Når du er oppteken med bekymringar og problem, reelle som berre tenkte, skal du stille deg disse spørsmåla:

  1. ER dette noko eg treng å vere opptrekt over?
  2. Treng eg å skake opp andre med dette?
  3. Er dette så viktig for meg?
  4. Er dette virkeleg noko som er så ille?
  5. Er situasjonen uoppretteleg?
  6. ER dette virkeleg eit problem?
  7. Treng eg gå rundt med angsten form om dette skal kome til å skje ein eller anna gong?
  8. Kva kan eg gjere for å gi slepp på dette, akkurat her og no?

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

Er disse artiklane til nytte for deg? Eg høyrer gjerne tilbakemelding frå deg om di meining, og tek også mot innspel som er til nytte. Send ei melding til kontakt@kompetus.no eller du kan også ringe om du vil.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Humor og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s