Alvorleg familiestress, artikkel i VG- og mi erfaring

2014-02-12 15.29.26VG hadde ein interessant artikkel om stress i går. Den fortel at alvorleg stress kan svekke barns immunforsvar. På grunn av åndsverkslova kan eg ikkje sitere mykje frå artikkelen. Den dokumenterer imidlertid at det i familiar med høgt stressnivå ofte kan medføre at barn blir oftare og alvorlegare sjuk enn i familiar med moderat stressnivå.

Eg har ein stresstestar som måler stress- og spenningsnivå i kroppen til menneske. Ved nokre høve har eg hatt mulegheit til å bruke det på yngre ungdom. Eg har rett nok ikkje utført nok testar til å framlegge eit resultat som er 100 % påliteleg enno. Men – av 20 utførte testar av yngre ungdom som var i  større forsamlingslokale, viste 6 av testane eit spenningsnivå i kroppen som var svært alvorleg dersom dette var ein langvarig normalsituasjon , 8 av testane var alvorleg nok dersom  det var langvarig normalsituasjon, og 6  testar viste ein sunn og avspent kropp.

2014-02-12 15.30.44For å kunne fastslå at eit menneske kan vere alvorleg stressa må  ein gjennomføre fleire målingar. Difor skal eg ikkje fastslå med 100 % sikkerheit at dette var vedvarande alvorleg stressa ungdom, men det eg fastslår er: Målinga viser situasjonen slik den er der og då. Dersom det er den vedvarande reelle situasjonen, og det ikkje blir gjort noko med det, så kan det medføre meir alvorlege sjukdomar etter som åra går.

Difor: prioriter familielivet, harmonien, tidsstyringa og godkosen internt i familien. Planlegg og sett av tid til familien.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

ps. Dersom du vil ha testa stressnivået ditt, og bor i Sykkylven, kan du ringe meg og få ein test som viser stress-og spenningsnivået du har i kroppen din.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Stressforebyggende tjenester og produkter og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s