Er latter berre til å le av? (Tema 5, del 3/1)

illustrasjon 2. oktober nr 4

Humørpåfyll gjer godt for kropp og sjel. Humør er ikkje berre latter, det er alt som gir oss påfyll i form av latter, betre humør, smil og kjensla av indre glede.  Eg skriv i dag om følgjande: Smil, Vektlegg dei gode tinga i livet, Når du høyre latter, beveg deg til det, Bruk mykje tid saman med morsomme og leikne menneske, Bring humor inn i samtalar.

  1. Smil. Smilet er frøet som lett utviklar seg til å bli latter. Vi har tidlegare sagt at latter er smittsamt, og smilet er også noko som lett smitter over på andre. Innan latterterapien ser ein at det er fullt ut muleg å kunne le utan først å ha opplevd ei morosam hending. Det same gjeld for smilet. Ein god måte du kan nytte for å smile meir, er å gi eit smil til noko eller nokon kvar gong du ser noko som tiltalte deg? Tiltalte dette deg? Veit du, dette siste spørsmålet mitt gjer at over 50 % av dei som les dette avsnittet, dreg på smilebandet.
  2. Vektlegg dei gode tinga i livet. Etter at du har lese dette punktet kan du gjerne ta deg ein arbeidspause. Lag deg ei reell liste over ting som er gode i livet ditt, og ta med både dei små og dei store gledene. Ei slik enkel handling gjer at du blir klar over alt du har å glede deg over. Det distanserer deg lettare bort frå negative tankar, og negative tankar skaper barrierer mot humor og latter, og også mot optimal livsframgang. Til dags dato har truleg ingen klart å bekymre seg til positive løysingar. (Ps. Bor du i nærleiken, kan du stikke oppom kontoret mitt på Kiwi og få med deg nokre notatkort for godlune og arbeidsglede, der du har plass til å skrive ned 3 gleder du har hatt den aktuelle dagen. Denne lovnaden gjeld så lenge lageret rekk)
  3. Når du høyrer latter, beveg deg mot det. Humor og latter kan av og til vere ei privat oppleving, ein spøk delt mellom ei lita gruppe ( f eks om sjefen – eg tullar). Vanlegvis er latteren inkluderande. Om eg er med i ei glad gruppe i eit sosialt lag, og der er ei tyngre gruppe samla ein anna plass, er eg glad om nokon inkluderer seg i den glade gruppa. Det at du deltek i ei glad gruppe gjer at gruppa blir forsterka. Set pris på andre sin latter.
  4. Bruk mykje tid saman med morsomme og leikne menneske. Menneske som har lett for å le, og som generelt er positive og har pågangsmot, trives med å le. Dei ler av seg sjølv og av livets mangfald av absurde opplevingar. Dei kjem seg også lettare gjennom problemfylte situasjonar, og dei ser på problema både med proaktive og humoristiske løysingar. Dei har det meir gøy enn dei tungsindige når dei finn løysingar på problematiske utfordringar. Dagar som kunne ha vore tunge blir lettare med eit positivt og smilande sinn.
  5. Bring humoren inn i samtalar. Som eg sa tidlegare, det blir sagt at ein du kan le saman med, kan du også døy for. Ein du kan le saman med, kan du også lettare finne løysingar saman med, sjølv der det først ser noko fastlåst ut. Bruk gjerne små drypp i passande former, og flett gjerne inn eit humoristisk poeng knytt til temaet. Ver åpen for at du har lov til å bruke humor og glede i samtalane dine. Det er lov å smile og le. Hugs, om du trur på Gud i ei eller anna form, så vit at Gud også har humor, sidan han har skapt deg, kamelen og sjiraffen.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

ps. Kva har vore det morosamaste du har opplevd dei siste 7 dagane?

e

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Humor og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s