Eg deltek på Alternativmessa i Ålesund komande helg med stand + foredrag

Har du tenkt deg på Alternativmessa i Ålesund komande helg? Etter å ha vurdert å delta nokre år, har eg i år vore spontan nok og meldt meg på. Som det jordnære mennesket eg er, vil eg vektlegge å formidle for interesserte kva coaching er, og kva nytte du og andre kan ha av å samarbeide med ein coach. Det er di nytte som  er det viktige. Difor er nettopp du velkomen innom  standen min for å få vite meir om kva nytte du kan ha av coaching.

Kjenner du nokon som truleg skal dit? Då vil eg sette pris på om du formidla litt info om dette til dei du trur kan vere interessert.

Foredrag nr 1 laurdag klokka 1650-1735  Minikurs i proaktiv stressmestring og avspenning

1. Kva i all verda betyr det å vere Proaktiv? 2. Proaktivitet – ein utmerka måte å forebygge stress. 3. Problemløysing skjer på eit anna plan enn der det først oppstod. 4. Proaktivitet gjer at du lettare finn vegen til di indre sannheit og til dine eigne verdiskapande svar. 5. Blir avrunda med avspenningøving/meditasjon/refleksjon.

Foredrag nr 2. sundag kl 1225-1310 Kva er  coaching – og korleis kan du bruke det for å leve eit meir optimalt liv?

Foredraget fortel kva coaching er, eller kan vere. Du får vite litt om korleis du kan vere din eigen coach, og kva nytte du kan ha av å samarbeide med ein coach for å ha eit meir optimalt liv enn det du kanskje har i dag. Du får også gå gjennom ei rask vurderingn som vil gjere at du lettare finn dine eigne verdiskapande vegar vidare, basert på dine eigne indre verdiar og ferdigheiter.

Høyrest dette interessant ut? Stikk innom meg.

Dersom du ikkje skal på messa, men vil vite meir om kva eg kan bistå deg med, ring meg på tlf 952 13 859 eller send ein e-post til kontakt@kompetus.no

Per Robert Tafjord ( alternativ og jordnær, og eit jordnært alternativ)

1225-1310

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s