Jobbmobilen på kveldstid

illustrasjon sint dame i telefonKva gjer bruken av jobbmobilen med nattesøvnen og livskvaliteten neste dag?

Forskarane kjem med endå meir advarslar mot mobiltelefonen. Dei avvarer mot bruk av mobiltelefon generelt etter klokka 21, og advarer spesielt mot å bruke den jobbrelatert. Kvifor? Fordi dei har funne ut at den forstyrrer nattesøvnen, og kan gi manglande energi og svekka fokus påfølgjande dag. Dersom du då brukar mobiltelefon kvar kveld, vil det reelt bety at du med stor sannsynlegheit har vedvarande dårleg søvnkvalitet, dårleg dagenergi, og ditto svekka fokus.

Undersøkinga er gjennomført av Michigan State University. 80 toppleiarar og 160 medarbeidarar utan leiaransvar vart intervjua rundt jobbrelatert mobiltelefonbruk etter klokka 21. Vidare vart dei spurde om korleis dei opplevde søvnkvaliteten, kor trøytte dei følte seg neste morgon, og evna til å halde fokus ut over i arbeidsdagen. I tillegg vart det blant dei same personane også undersøkt korleis dei reagerte på bruken av TV, pc og nettbrett på kveldstid etter kl 21.

Konklusjonen for begge gruppene som det vart forska på viser at arbeidsrelatert bruk av mobiltelefon på kveldstid gir en merkbart redusert søvnkvalitet, og reduserer mental og fysisk evne til å slappe av. Aktiv bruk av mobil i nær opp til leggetid forstyrrar også produksjonen av søvnhormonet melatonin. Resultat: Då får ein dårleg dag neste dag.

Konklusjonen til forskarane er at mobiltelefonen gir merkbart sterkare forstyrrelse for søvnen og godkjensla enn det ein får av å sjå Tv, eller bruke PC eller nettbrett. Kva gjer vi då? Vi reduserer bruken av mobiltelefon på sein kveldstid, og koser litt i staden.

For min eigen del skal eg sjå korleis det er å la vere og bruke elektroniske duppedittar på kveldstid etter kl 21 ei veke framover, for dette er også eg ein syndar i mot.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Næringsrelatert informasjon om stress og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s