Treng parforholdet ditt ei oppfrisking?

JumpingReprise på tidlegare artikkel.

Den testen du blir presentert her i dag vert nytta i eit 5. samtalers coachingsprogram for å betre parforhold, og for å få bukt med stress i parforholdet. Den gjengitte teksten er direkte henta frå programmet, utan tilpassing til bloggen.

Programmet det er henta frå er like mykje eit forebyggingsprogram, som det er eit problemfjerningsprogram etter at litt gnissingar har oppstått. Klientar seier at det er like mykje ei «bryllaupsgåve» til nyetablerte som det er ein vedlikehaldsknapp etter 10 års parforhold.

Dersom du finn ut at du kan ha bruk for samtalemalen etter at du har teke analysen, kan du gjerne ta kontakt.

  • Forhandsanalyse: Vi skal gjennomføre ei analyse av dagens situasjon i parforholdet. Det er ei kartlegging av korleis de ser på ulike verdiar i eit parforhold. De skal vurdere så ærleg som råd, og kvar for dykk, korleis de vurderer situasjonen i dag. Du skal klassifisere deg frå 0-10, der 0 er totalt mangel, og 10 er topp. Etterpå skal vi samanlikne kva tal de har kome fram til, og også sjå om de har same syn på dei ulike punkta.
  • Denne kartleggingsmetodikken kan vi kome til å benytte meir i samtalane framover.

UNDERSØKING FOR Å BETRE PARFORHOLDET

PAR:

På ein skala frå 0-10, ver så snill og vurder deg sjølv i dei følgjande områda:

…………… Eg føler meg fullt ut elska og respektert av partneren min

…………… Eg elskar og respekterer partneren min fullt ut

…………… Eg veit kva eg vil ha ut av forholdet vårt

…………… Eg veit kva eg ikkje ønskjer å ha ut av forholdet vårt

…………..   Når eg er opprørt, tek eg fullt ut ansvaret for opprøret mitt ( eg klandrar ikkje partneren min)

…………..  Eg diskuterer meg fram til løysingar saman med partneren min, slik at vi kan løyse dei permanent

………….  Eg har ein prosess som eg nyttar for å jobbe meg gjennom dei problema som pressar på, slik at dei vert permanent løyst.

……….. Eg har lett for å tilgi meg sjølv og partneren min for dei feila som har blitt gjort

………. Eg lar ikkje behovet mitt for å ha rett halde meg borte frå virkeleg å høyre kva som er partneren min sitt perspektiv, og eg vektlegg å finne fram til ei fredsskapande vinn/vinn- løysing.

……… Eg nyt alle dei romantiske stundene saman med partneren min, og eg ber alltid om det eg ønskjer/ treng/ har lyst til.

Kva poengsum fekk du?

Dersom du ligg under 80, betyr det at du bør gjere noko for å auke trivselen og samkjensla. Ligg du under 70, er det ikkje rett å seie at du bør gjere, då er det vel meir snakk om at du skal.  Ta kontakt om du vil ha coaching, eller også om du vil ha samtalemalen tilsendt. Sjå kor mykje du må investere i parforholdet ditt i tre ulike variantar i ein anna bloggartikkel, publisert for litt sidan. Summen du må investere er moderat i forhold til det du får tilbake etter å ha gått gjennom samtalemalen. Nytten får du også om du gjer det på eigen hand, utan coaching. Skulle du ha behov for litt bistand under vegs, kan vi gjere avtale om dette etterpå.

Du får tilsendt ein samtalemal kvar veke eller kvar fjortande dag ( du vel). Samtalane inneheld følgjande tema:

Samtalane vil følgje denne framdrifta:

  1. samtale: Finne ein visjon for forholdet. Danne seg eit bilde av noverande situasjon, og så finne ut korleis det ønskte bildet og samarbeidet for framtida skal sjå ut.
  2. samtale: Korleis vere ein meir ideell partner? Vi følgjer opp det vi snakke om i forrige samtale. Vi skal i denne samtalen sjå meir på korleis vi treng å vere for å få til eit godt parmessig samarbeid, og belyser litt kva kvar einskild treng å gjere.
  3. samtale: Belyse 5 viktige samarbeidslover i eit parforhold.  Det er ein gjennomgang av 5 viktige veremåtar, eigentleg 5 måtar å forstå seg sjølv betre på i eit parforhold.
  4. samtale: Kva er det som fører til kampar og slitasje. Korleis kan de unngå dei utmattande kampane, og korleis kan de få til fruktbare kampar som gir resultat saman i framtida
  5. samtale: Korleis gi slepp på uro og bitterheit. Vi skal i denne samtalen sjå meir på det som over tid har bygt seg opp, og også sjå meir på korleis de kan fjerne disse sperrene som saboterer forholdet.

Som ein del av pakken får du også ei sjølvprodusert avspennings-cd som heiter «Fredsprosessen».

(c) Per Robert Tafjord Tlf 952 13 859

du kan også sende meg ein e-post til kontakt@kompetus.no

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s