Latter er den beste medisin ( 5)

001Korleis kan du få meir latter og humor inn i livet ditt?

Kva skal til for å kunne le meir og ha eit meir humoristisk liv? Det skal ikkje mykje til. Det er nok at du er viljug til å gi opp noko av sjølvkontrollen din. Der du seier litt PyttPytt til å måtte vite kva som blir resultatet på forhand. Kva kan du gjere. Du kan gjere eit eksperiment akkurat her og no. Dra på smilebandet og sei: «Hihi». Virka det? Viss ikkje, prøv ein gong til. Prøv det som eit forsiktig fnis. Kjenn etter om du merkar ei forandring inne i deg?

Dersom dette gjekk bra, eller om du er av det modige slaget, kan du prøve deg med ein djupare buklatter. Sei med djup stemme: «Hø Hø». Over 70 % av dei som gjer dette, vil som oftast merke at det kjem eit smil, attpå  til  eit breitt smil, og over 50 % vil merke at smilet faktisk er ei god humring, og hummer er ikkje å forakte.

Når du gjer disse to tankeeksperimenta, med «Hihi», og «HøHø» , er det ikkje naudsynt at du er i godt humør før du gjer det. Det vil betre humøret ditt også når du er nedfor. Det er nok tunge ting som tynger kvardagen, så du kan vere bevisst og løfte deg sjølv ved bruk av gratis lattermedisin. Du kan lokke fram gleda og latteren. Skal eg ta ei forklaring på korleis du kan gjere det?

Du skal tru at du kan forandre humøret ditt. Tru at du kan gi slepp på det tunge, i alle fall for ei tid. Ver i nuet, og tenk fram eit smil, og så ein latter, nettopp ved å bruke «HiHi» og «HøHø». Tenk på ein vits du likar, og bruk den til å løfte stemninga, sjølv om det er den femtiande gongen du fortel deg sjølv den same vitsen. Tenk at du gjer noko du fortener applaus for, klapp i hendene, og smil samtidig. Kombinasjonen utløyser ein oppløftande kjemikalieproduksjon i hjerna di. Doseringa er avhengig av innsatsen du legg inn i det. Når du praktiserer bruk av ulike former for lattermedisin, vil du etter kvart bli meir og meir ekspert. Latter går djupt inn i sjela di, og den tillet deg å leve meir fullt ut og fritt, og vere meir til stades i  nuet etter kvart som du blir flinkare og flinkare til å sleppe den laus.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll ( det kjem meir under del 5, men deler den i ein naturleg overgang her)

Ps. Eg veit ikkje heilt kvifor illustrasjonsbildet til denne artikkelen kom med. Eg prøvde fleire gongar å få inn ein smilande klovn, men det var dette som fann vegen, og som viste etter at klovnen vart klikka. Og bildet er frå det som var arbeidsrommet i huset mitt i Ramstaddalen, og tromma har vore mykje brukt. Å bruke ei tromme for å fristille energiar og også tromme opp energinivået er herleg.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Humor og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s