Latter er den beste medisin (5/2)

latteranimasjon( han her insisterte på å vere illustrasjon i dag også)

Korleis kan du få meir latter og humor inn i livet? ( del 2)

Eg skal snart bli bestefar – for første gong, og gler meg herleg. Kva særpreger små barn? Dei er ikkje mange vekene gamle før dei begynner å bruke ei viktig og medfødt gåve, nemleg smilet. Og det går heller ikkje så mange vekene før smilet blir utvida med ein herleg latter. Latteren er ei naturleg gåve som dessverre blir lagt lokk på av for mange menneske. Men fortvil ikkje – dersom du er midlertidig avvent med å le, har du denne gåva i deg, og du kan lære deg å lokke den fram att for hyppig bruk.

Humor kan vere spontan, men humor kan også planleggast. For å få ein auke i godkjensla i deg kan det hjelpe å sette av faste tider for humor og latter. For å utvikle ei ferdigheit skal du som oftast gå inn i ditt indre, finne løysingar der, og arbeide deg utover. Når det gjeld humor kan du gå motsett veg. Gå til eksterne humorkjelder, som den dumme vitseboka, standup, gøyale filmer, eller til menneske som kan fylle deg med humor og godlune. Søk etter det utanfor deg sjølv, og la det få lov å sleppe inn i deg. Så kan du begynne å søke inn ei deg sjølv, og finne dørene inn til humoren du har inne i deg. Den er der.

( c) Per Robert Tafjord

ps. neste minitema om humor blir måtar du kan utvikle humor, glede og latter på.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Humor og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s