Latter er den beste medisin (del 4)

smilande parSosiale fordeler ved latter og humor

Det er heva over ein kvar tvil. Latter og lette, leikne samtalar er med på å styrke relasjonane våre til andre menneske. Når vi kan le og smile saman med andre, blir vi tryggare, og det løyser ut dei positive energiane i oss, og ein stad i hjerna vår startar ein produksjon av stoff som gjer oss gladare og også tryggare på den eller dei andre. Vi får ei kjenslemessig tilknyting til dei, og med den følgjer tryggheita. Latter knyt positive band mellom menneske. Og kva resulterer denne latteren i? Dei er med på å bygge opp motstandskrefter mot stress, den reduserer konflikter, og eit menneske med evna til å le, opplever også mindre skuffelsar i livet, eller ser i alle fall lysare på dei.

Delt latter er sunn latter

Latter friskar opp relasjonane mellom menneske. Eit smil gjer mykje av det same, og smil og latter har likevel ikkje alltid same virkning. Eit smil og eit uttrykk i augene kan seie mykje, og med den rette kan det vidareføre spenning og nytelse. Eit smil kan altså vere  ei intim stadfesting. Og latter kan vere ei forsterking av følgjene av det intime smilet.

Delt latter bygg sterke og varige band. I krig vert det sagt: -Den som kan le saman med deg i krevjande stunder, kan også dø for deg. Felles latter kan gi så sterke band.Latter og leik gir også glede, vitalitet og uthaldenheit. Det er motgift mot bitterheit, uenigheit og vonde påkjenningar. Latter skaper sterkare band mellom menneske i tunge stunder. Kva skjer i sorga når etterlatte skal leite fram minneord? Midt oppe i sorga kjem latteren fram rundt gamle, galne og gode minne.

Kva gir latter i samver med andre til deg og til dei?

  • Du blir meir spontan. Når du ler, er du til stades i nuet. Du forlet det tunge, koblar ut haudet ditt og tankane dine. Du er spontan, og du er borte frå problema dine ei stund.
  • Du distanserer deg frå forsvarsposisjonar. Vi menneske er litt rare. Vi har så lett for å klandre, og den vi klandrer mest, er oss sjølve. Når du ler, tenkjer du ikkje samtidig: -For ein tosk eg er som ler. Kva trur dei andre om meg no? Er latteren min støyande?  Kanskje kan vi kome til å tenkje det etterpå, men akkurat under latteren er slike tankar fråverande. Dessverre ser eg folk som forsøker å kvele latteren i seg, og som dessverre også lukkast. La den få boble opp. Legg ned forsvarsmekanisma mot å le, og du vil gløyme dømmande haldningar, du vil bli mindre kritisk både mot deg sjølv og andre, og du får faktisk også betre sjølvkjensle av å tøre å le. Herleg.
  • Du gir meir slepp på hemningane dine. Når du ler gjer du noko som realiserer meir den du verkeleg er. Etter ei god latterkule tør vi vere meir frie, vi er meir oss sjølve. Frykt blir sett på vent. Latteren gjer at du lanserer den friaste varianten av deg. Difor, le mykje, og ver friare.

Latter og relasjonar. Den gjensidige latteren er ein viktig faktor for å kunne skape sunne og sterke relasjonar. To menneske som må ha mykje tid saman, f eks i eit parforhold eller også i eit jobbforhold, har det langt betre om latter og humor er ein del av kvardagen, også der f eks synet på humor er litt ulikt. Humor er ikkje berre dei tørre vitsane, det er like mykje små, tøvete kommentarar, eller også ei merkeleg, men positiv ansiktsgrimasje.

Ver bevisst på å gjere ditt for å innarbeide humor, leik, spel og samspel i dagleglivet ditt. Ver sikker, det forsterkar også samspelet i parforholdet ditt. Det er lov å vere leiken og bruke humor og humør der også.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

illustrasjon: Link frå Powerpoint

ps. Latter er med på å gi deg eit meir fullstendig liv. Det gjer deg tryggare og meir harmonisk. Dersom du har hatt glede av å lese dette, vil du då gjere med den tenesta at du deler dette med andre?

Så litt personleg info om meg som sit og skriv dette:

Eg brukar ca halve arbeidstida mi som coach for privatpersonar, m a med stresscoaching, problemforebygging, og hjelper også menneske med å skape meir framdrift i liva sine, og realisere mål som er sett på vent. Med andre ord, eg hjelper menneske som manglar noko med å leve eit meir fullverdig liv i samsvar med eigne ferdigheiter og livsmål. Det er herleg å kunne  gjere dette. Den andre halvparten av arbeidslivet mitt nyttar eg no med coaching og anna bistand overfor eigarar av små nisjebedrifter. Det er herleg å kunne bidra til ein betre kvardag.

Blogginga er også ei form for coaching. Eg nyt å skrive, og likar best å skrive rundt tema som gir mennesket meir kunnskap, framdrift og som tilfører verdiar. Noko av det er alvorlege tema, og humor er eit gravalvorleg tema. Ler du ikkje, kan du lett hamne i grava for tidleg.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Humor og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s