Latter er din beste medisin, del 3

skyggeillustrasjonVer ikkje redd din eigen skugge. Latter og humor hjelper deg med å halde deg kjenslemessig frisk

Ein sunn latter forlengar livet. Det er ei sann sanning, og ikkje ei sanning med modifikasjonar. Kva no enn det siste betyr, men det heiter no så.

Latter gjer at du føler deg betre enn du var før du lo. Ettervirkningane av den gode latteren held fram inne i deg også etter at latteren har stilna. Kva slags ettervirkning kan du få etter ei herleg latterkule? Du får eit meir positivt og optimistisk syn på livet, også når du står midt oppe i litt kinkige situasjonar. Og kva skjer når du er meir positiv og optimistisk? Du går til det kinkige med forventninga om eit positivt resultat. Og skulle ikkje alt gå den veien du forventa, er det dokumentert at latter og humor og positiv tenking gjer alt betre, sjølv der vi har opplevt smertefulle tap som dødsfall og samlivsbrot.

Latter kan vere pusterom frå sorg og smerte. Samtidig gir det deg nytt mot, og det gjer at du får styrke til å søke etter nye kilder som kan gi deg meining og håp, sjølv i det tilsynelatande litt håplause. Ein god latter, og også eit forsiktig smil, er noko som gjer at du begynner å føle deg betre. Latter er smittsamt. Så snart ein eller anna forunderleg stad i hjerna di oppfangar latter, så begynner den å krevje å få det også, og det gjer at du får fram smilet i deg, og lysta på å dra nytte av moroa rundt deg.

Korleis er samanhengen mellom latter og psykisk helse?

  • Latter løyser opp urolege spenningar. Når vi er anspent og usikre, vil dette gi oss urolege spenningar i kroppen, også dei som er nesten umerkelege. Så snart du klarer å le vil det medføre at du gir meir slepp på det som gjer det engsteleg, sint eller trist. latter gjer at du blir til stades i  nuet, og når du er i nyet, er du i ein sinnstilstand der du ikjke er trist og lei.
  • Latter hjelper deg med å slappe av og lade opp batteria. Har du ei elbil, så veit du at batteria må ladast for at bilen skal kome seg framover. Kva skjer med deg når du bruker latter og humor til å lade batteria dine? Sjølv når det er kaldt klarer du å lade deg, utan å koble til ein fysisk straumtilførsel. Du  har den i deg. Ei humørfylt full-lading gjer at du reduserer stress og aukar energien. Du opprettheld lettare fokus på det som er viktig for deg. Du presterer meir.
  • Humor gjer at du skiftar syn på livsinnhaldet ditt. Når latter og godt humør fortrengjer stress og fryktkjensle medfører dette at du ser dei truande situasjonane meir realistisk enn om du er i motsatt humørmodus. Du får ein distanse til den farefulle situasjonen, og når du er i distanse er du landskapet tydelegare. Du ser at det ikkje er nokon fare i skuggane. Dei er berre skuggar. Når du set godlyset ditt på dei, ser du at skrømta du trudde luska i skuggen, reelt ikkje er der.

Le og ha ein fin kveld.

(c) Per Robert Tafjord, Proaktivt Påfyll

Ps. Del gjerne desse små artiklane om latter med gode vener, både dei som er humørfylte og dei som treng litt påfyll.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching, Humor og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s