Har du litt tid til det viktigaste mennesket i livet ditt?

iStock_000017050806LargeDen beste gåva du kan gi til deg sjølv er litt tid åleine – der du tek deg tid til å stille deg sjølv spørsmål, og lytte til svara. Marty Herald.

Dette tankefrøet formidla ei av dei viktige kvinnene i livet mitt, bloggaren Marty Herald, bosett på Hawaii, til meg no i dag tidleg. Ho blir støtta av Dalai Lama, som seier: Alle ønsker eit lukkeleg liv og fred i sinnet, men vi må sjølve skape fred i sinnet gjennom det vi sjølve gjer.

Ein anna stor tenkjer, Robin Sharma ( han med boka Munken som solgte sin Ferrarri), seier: Det er ein menneskerett for alle menneske å kunne ta seg 15 minutt dagleg til stille avspenning og ettertanke.

Kva seier så eg på ein fredagsmorgon? Eg sier: Dei har så rett.

Før i tida, før tidsklemma tok oss, så hadde dei fleste menneske 8 timar med søvn i døgnet. No etter at vi har fått så mange tidssparande hjelpemiddel har døgnet blitt 2-3 timar for lite til at vi skal få tid til alt. Det har medført, sidan det er umuleg å utvide døgnet til 27 timar, at vi har kutta ned på nattesøvnen til 5-6 timar. Når vi ikkje søv meir, blir dette livsfarleg i lengda.

Kan du med handa på hjartet seie sist gong du følte ei sterk indre ro? Kan du beskrive det, og kan du identifisere dei faktorane som skal til for at du skal lokke fram den indre ro kjensla? Dersom du no ristar på haudet, og innrømmer: «Nei, det klarer eg ikkje», så skal du ikkje fortvile. Du er i godt selskap med mange andre. Eg er brennsikker på at du opplever det, og oftare enn du er klar over. Det er noko av den godkjensla du har når du f eks er i ein god flyt med noko, og også den du har når du av og til er ute og køyrer bil, eller går ein stille tur åleine i naturen.

Det å oppleve den gode, indre roa er ikkje noko mystisk noko. Eg ser på det som eit valg, noko som alle kan oppleve om dei tek seg tid til å søke etter det. Sidan det når eg skriv dette er siste arbeidsdag før helga for oss som ikkje har helgavakter, gir eg deg den oppmodinga: Bruk 15 minutt på laurdag og 15 minutt på sundag, på ei stille refleksjonsstund for deg sjølv. Be dei andre i huset om å få 15 stille minutt på eit rom for deg sjølv. Skru av all lyd, eller bruk evt noko roleg instrumentalmusikk, og sit stille i 15 minutt, der det einaste målet ditt er å roe ned kropp, tankar, sjel og sinn. Og- be dei av dine kjære som bor saman med deg om å gjere det same i løpet av dei neste dagane.

Det gjer godt å balansere tankar og handlingar. Ein treng ikkje gjere noko heile tida, eller underhaldast av noko heile tida. Det er herle gå ha ei avspenningssstund, sjølv om det kanskje kriblar litt aktivitet i kroppen dei første gongane.

Indre fred startar i det øyeblikk du velgjer å gi deg sjølv tid til å roe ned tankane, og søke betre kontakt med deg sjølv.

God helg

(c) Per Robert Tafjord

ps. Dersom du kjenner nokon som kan ha godt av å lese dette innlegget, så del det gjerne med dei.

Ønskjer du bli varsla når nye innlegg blir publisert på bloggen? Klikk på følgerknappen på dette innlegget, og du blir automatisk oversendt innlegget.

Ønskjer du bli tipsa når eg skapar ulike infoprodukt som er for store for blogg-publisering? Send meg ein e-post til kontakt@kompetus.no , så varslar eg deg etter kvart som nye mini-bøker, rapportar etc blir ferdige.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s