Tankar på ein torsdagsmorgon:

013Året har skifta, kvar går vegane vidare?

Det er så lett å tenkje at vi på starten av eit nytt år står ved ein ny start i livet. Eg trur ikkje at eit årsskifte er ein slutt på noko, og heller ikkje ein start på noko. Det er berre ei ny tidsrekning i den livsvegen vi går på, der vi har mulegheita til å bruke meir av den livsvisdommen vi allereie har med i oss, og samtidig får muligheita til å skaffe oss meir livsvisdom. Det er vegen vidfare. Der vi får mulegheit til å vidareføre meir av oss sjølve, både for oss sjølv og for andre, og få meir til oss sjølv frå andre. Overgangen til  2014 er berre ein tidsrekningsmålestokk for den nye tida vi er i. Ikkje ein ny start, men ei vidareføring.

Eg er ikkje tilhengar av såkalla nyttårsforsett, det som for mange skal vere ein ny start og ei stor og naudsynt forandring. Ein av grunnane er at eg ikkje er tilhengar, er dei er alt for svakt utforma for dei fleste menneske. I tillegg viser det seg at såkalla mål som ein set seg ved årsskifte ikkje er fundamentert i grundig planlegging. Dei kan vere utforma  som følgjer: Eg skal gå ned i vekt. Eg skal få meir tid. Eg skal slutte å røyke. Eg skal få betre råd. Skjer det noko forandring når «mål» er utforma på denne måten?

Kva er planane bak disse nyttårsforsetta? Kor mange kilo skal du gå ned, og korleis skal du gå fram for å gjere det? Korleis skal du få meir tid? Døgnet har 24 timar, sjølv om mange trur det er på 27. Då får ikkje meir tid, men du må finne fram til korleis du skal strukturere tidsbruken din for å få meir inn i den tida du har til rådigheit i døgnet, og det er som sagt 24 timar. Kva tid skal du slutte å røyke? Korleis skal du gå fram for å slutte å røyke? Og kva skal du gjere i staden? Kva skal du gjere for å få betre råd? Kva skal du slutte å kjøpe? Kor mykje skal du spare i 2014?

Først når vi legg fundament under eit mål, ved å planlegge strategiar, vert det enklare å nå mål. Vi må vite kva vi vil, og når vi vil nå det. Difor – dersom du er ein av dei som har/hadde eit nyttårsforsett, skal du stoppe opp og reforhandle forsettet ditt, ved at du får på plass strategiane rundt det. Til betre du planlegg, til mindre tid brukar du på å nå målet. Lukke til.

© Per Robert Tafjord

ps. Har du ikkje fått det gratis heftet mitt om bruken av affirmasjonar, dvs  den positive indre dialogen du har med deg sjølv? SEnd ein e-post til kontakt@kompetus.no , så sender eg deg heftet til e-posten din.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s