Den store lykkejakten – Dagbladet sitt magasin i dag

2013-11-23 17.16.25 For at vi menneske skal innarbeide endringar, og etablere nye vanar, må vi bruke litt tid for at det skal bere nye frukter.

Etter å ha lese deler av Dagbladet sitt Magasin i dag  er konklusjonen min, basert på 8 journalistar sine testar av «Bli en bedre utgave av deg selv! Bli mer harmonisk, mindre stressa og en bedre sjef!» følgjande: Det er noko jada, og noko svada.

Etter å ha lese gjennom dei 8 ulike journalistane sine erfaringar, sit eg att med at nokre av dei har hatt nytte av å ha deltatt, andre ikkje. Noko som også slår meg, er at fleire av journalistane slit med forventinga: » Vi får sjå om vi merkar ei forandring, men vi gidd ikkje gjere et som skal til for å skape forandringa». Difor, dei er i tråd med svært mange andre som ønskjer å gjere forandring i eige liv – men som ser på forandringsinformasjonen som Intellektuell Underhaldning, dvs noko ein er med på, eller les, som ein syns er interessant, men som ein ikkje gidd gjere noko med sjølv for å innarbeide. Dvs, ein går rundt i ei forventande undring og ventar på underet, knappe 2000 år etter at det var vanleg at under skjedde.

Skal vi menneske ha noko nytte av å gjennomføre opplæringsaktivitetar som skal gi oss meir glede, viljestyrke, motivasjon, utstråling, mindfulness, bedre leiaregenskapar, oppnå effekt av å meditere, samt bli meir frigjorde frå gamle tankemønster etc, så kjem ikkje det av seg sjølv. Det må innlærast, til det blir nye vanar som vinn over dei gamle måtane vi er på.

Mange menneske har viljen som skal til for å gjennomføre det som skal til for å skape vedvarandre forandring. Andre treng ha med seg nokon som praktiserer kick-ass-framdrift saman med den som ønskjer forandringa. Då held det normalt ikkje med eit lite kurs på nokre få timar. Det er grunnleggaren, det ein treng å bygge vidare på.

Når eg sjølv arbeider som coach for å hjelpe menneske med å skape ny framdrift i eige liv, nyttar eg for stressmestringscoachinga ein samtalemal på i alt 8 samtalar. For anna coaching nyttar eg oftast 5-6 samtalar som eit forandringsgrunnlag. Først då brukar ein så mykje tid, og den som er klienten, legg inn så mykje innsats, at det dannar grunnlaget for ei endring som  varer.

Les gjerne artiklane i Magasinet. Det er interessant at dei tek opp menneske sin trivsel og ønskje om ei forandring i livet som tema. Kanskje er ikkje journalistar den mest representative yrkesgruppa? Mange menneske som ønskjer forandringar, og som også har køyrt seg noko fast i livets mangfald, har ofte svært god nytte av eit coach- eller mentor-samarbeid for å få meir framdrift i livet. Eg er ein av dei som har erfart denne nytta sjølv.

( c) Per Robert Tafjord

ps. Kva meining har du om dette?

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s