Hindring nr 29: Kan du å bruke Påvirkningssirkelen for å løyse problema dine?

2013-11-12 12.24.59  2013-11-12 12.25.29

Problemsirkelen og Påvirkningssirkelen, kven av dei er til best nytte for å overvinne hindringar?

Den amerikanske fortattaren Stephen R Covey er viden kjend verda over som forfattar av boka «Dei 7 gode vanene». Ei suveren bok som eg forresten anbefalar til alle, sjølv om den for tida er vanskeleg å få tak i her i landet. ( Eg har nokre få eksemplar på dansk om nokon er interessert i å lese meir). I denne boka tek han opp den proaktive bruken av Problemsirkelen, og ikkje minst Påvirkningssirkelen. Påvirkningssirkelen er eit effektivt hjelpeverktøy mot det aller meste av det som vi menneske ikkje mestrer innleiingsvis når vi står overfor nye problem og utfordringar. ( strengt tatt er vel ei utfordring eit problem, berre sagt på ein meir optimistisk måte?)

Covey sin enkle, men geniale tanke er at vi skal tenkje følgjande når vi står overfor problem. Vi skal tenkje oss at vi har ein sirkel der alle problema våre er lagra. Nokre av dei er store, og dei er eigentleg ikkje våre heller, som f eks å løyse det som hindrar at alle menneske i verda lever i samharmoni. Andre kan vi påvirke langt lettare, og dei fleste av dei vi kan påvirke, er våre eigne problem. Det Covey så gjer, er å lage ei tenkt sirkel inne i Problemsirkelen. Denne kallar han Påvirkningssirkelen, og inni den puttar han alle dei problema vi kan gjere noko med, dei vi kan påvirke i positiv lei så godt som umiddelbart.

Tenk deg at du legg eitt eller fleire problem inn i Påvirkningssirkelen, og begynner å gjere proaktive handlingar for å løyse dei. Kanskje treng du gjere berre 3 ulike handlingar før problemet er løyst, kanskje treng du 5 eller 10. Ved å arbeide aktivt med eit problem, blir det ikkje verande eit problem i lengda. Neste gong du hamnar i same situasjon, er det ikkje lenger eit problem, men noko du er på veg til å bli ein miniekspert i.

Bruk Påvirkningssirkelen aktivt. Det gjer kvardagen din mindre stressande.

( c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s