Hindring nr 28: ER du redd for å snakke offentleg?

MP900439345

Folk si frykt eller hindring nr 1 er: Frykta for å snakke offentleg eller halvoffentleg

Eg skal innrømme det med ein gong- dette var ei gong i tida ei stor hindring for meg. Eg likte ikkje å snakke offentleg. Heller ikkje halvoffentleg. Så bestemte eg meg: – Nei, så pokker heller. Eg vil utrette noko, og då er bruken av stemma minst like viktig som interessa for formidle via bruken av det skrivne ordet. Eg må også innrømme, den skriftlege formidlinga er det eg enno likar best. Frykta for offentleg formidling er ikkje lenger ei frykt, det er ein mild og inspirerande forsterkar.

Det mange ikkje veit er at frykta for å snakke offentleg er den frykta eller hindringa som flest folk set høgast når ein skal vurdere frykt eller hindringar. I fleire store undersøkingar seier i snitt 43 % av det dei fryktar mest er å snakke offentleg. Til samanlikning seier 39 % at det dei fryktar mest er døden. Så – om du har ei frykt eller ser på det å snakke offentleg som ei hindring for deg- så er du ikkje åleine i verda om å ha det slik.

Det er muleg å overvinne denne frykta ved å bevisstgjere seg på det, og arbeide med å styrke ferdigheitene sine rundt det å opptre med stemma si meir i offentlege rom. Det litt merkelege med å ha lyst til å stå fram med meiningane sine, er at det ofte skapar stress i deg, både når du skal gjere det, og når du let vere å gjere det. Før du har vore «på scena» nokre gongar, er det eit stress kvar gong du skal gjere det. Dersom du ikkje gjer det, så kan dei innestengte meiningane i kombinasjon med ergrelsen over å ikkje gjere det, også vere noko som skapar stress i deg.

Så- kva vil du gjere for å redusere frykta for å snakke offentleg, og samtidig overvinne ei hindring som held deg tilbake? Eit råd er: Kast deg ut i det. Du døyr ikkje av det, sjølv om det kan følest slik ei kort stund. Prøv- du kan det du vil.

(c) Per Robert Tafjord

Ps- dette er innlegg nr 28 i ein serie på 30 ( dvs- eg trur eg har bomma litt i nummereringa, så det kan hende det kjem 1-2 stk til etter at nr 30 kjem. Dei innlegga eg har hatt, vil bli samla i nummerrekkefølge frå 1-30, og vil bli muleg å få oversendt til deg som pdf-fil dersom du vil ha heile serien samla i eitt. Send ein e-post til kontakt@kompetus.no dersom du vil ha heile serien. Du får den gratis.

NB. Takk til Inge for tipset

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s