Eg protesterer: Du skal ikkje utan vidare kome deg på jobb om du er sjukmeldt, trøtt og slapp.

the idea! Nei, dette var ingen lys ide

TV2.no formidlar i dag ein artikkel med informasjon frå NAV-direktør Bjørn Gudbjørgsrud knytt til det viktige temaet «Stadig vekk flere sykmeldes over lang tid – uten diagnose». Hans klare meining er » Om du er trøtt og slapp – skal du likevel komme deg på jobb».

Det er viktig at aukande jobbfråver vert teke opp, og gjort noko med. Eg jobbar sjølv som stressmestrings-veileder/coach med utgangspunkt i forebyggande stressmestring. Stress er ikkje nokon sjukdom, men gir, når den ikkje vert gjort noko med, langvarige plager, som til slutt resulterer i sjukdom og også akutte dødsfall. Verdens helseorganisasjon ( WHO) seier at over 50 % av alt sjukefråver skuldast stress, og at 50 % av dette stressfråveret skuldast forhold på arbeidsplassen. Dette er i samsvar med mi erfaring.

Men, det er svært mange arbeidsgjevarar som ikkje tek dette inn over seg, og som totalt ser bort i frå sitt ansvar for å gjere noko med det som forårsakar stress. Mange som går ut og inn av sjukmeldingar hamnar i denne situasjonen fordi dei vender tilbake til ein arbeidsplass som ikkje gjer noko for å betre forhold. Då lever problemet og dei stressframkallande plagene vidare.

Mange har diagnosen «trøtt og slapp» fordi dei ikkje finn noko konkret medisinsk årsak, og der er stress svært ofte årsaka. Det er ikkje lett å måle stress via blodprøver og anna prøvetaking, i alle fall ikkje dersom det ikkje vert vektlagt å kartlegge om pasienten er stressa. Når så ein NAV-direktør seier «Gå på jobb selv om du er trøtt og slapp» vil dette ofte forverre situasjonen for den sjukmelde, då berre synet av arbeidsplassen før dei er rehabiliterte og sterke nok til det, er nok til at dei blir verre.

Ein person med mykje sjukefråver har god nytte av å lære seg multidisiplinære stressmestringsteknikkar, men berre eit fåtal arbeidsgjevarar er viljuge til å vere med på å lære dei tilsette dette, slik at dei unngår så mykje sjukmeldingar. Stressrelatert fråver kostar i snitt rundt kr 10.000 pr arbeidstakar pr år. Det er fullt muleg å halvere dette fråveret, men då må arbeidsgivarsida, bedriftshelseteneste og ikkje minst NAV tilrettelegge for det. I tillegg til redusert sjukefråver, vil kunnskap rundt stressmestring føre med seg mange andre fordeler. Det aukar effektiviteten, jobbtrivselen og det økonomiske resultatet.

Dersom arbeidsgivarsida og NAV har interesse av det, stiller eg gjerne opp for å bistå med å gjere mitt for å redusere sjukefråveret i Norge.
Per Robert Tafjord Tlf 952 13 859

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende artikler, Uncategorized og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s