Hindring nr 19- Veit du å verdsette dei små ting i livet?

illustrasjon 2. oktober nr 4 Verdset dei små gledene-
Kan du den noko uvanlege kunsten å kunne stoppe opp og glede deg over dei små tinga i livet? Uansett om du er usikker på dette, eller ei, stopp opp ei lita stund akkurat no, før du les vidare, og tenk over alle dei ting du har å glede deg over i livet ditt.

Dersom du les vidare utan å ha tenkt deg om, er det berre ein dokumentasjon på at du les, utan å ha fokus på det du les. Du vart beden om å ta ein stopp og tenkje over alt du har å glede deg over. Du som allereie har stoppa opp og reflektert, du kan lese vidare.

Vi menneske har det med å skulle oppleve så mykje før vi skal føle gleda. Det må vere stort. Dei små gledene har mist mykje av verdien sin, men – det er i dei små gledene det meste av livets gode sider ligg. Verdset barn sin glade latter, smilet frå eit medmenneske, dei gode orda du får frå dei du har rundt deg, gleda over å vere så frisk at du kan stå opp morgonen, gleda over at du bor i eit demokratisk land, gleda over frisk luft, frydinga over god nærheit.

Bruk litt tid på dei små verdsetjingane. Det er dei som betyr det meste, og som gir livet ditt meining.
( c) Per Robert Tafjord

ps. Kva har gleda deg mest så langt i dag?

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s