Hindring nr 18: Er du ein skugge av deg sjølv?

2013-10-13 13.36.30-1 Er du ein mørk gråfarga skugge, eller lever du ut dei vakre fargane du har inne i deg?

Vi menneske er fargerike, men vi tør ikkje alltid finne fram til fargane vi har inne i oss. Eller vi veit ikkje korleis vi skal finne fram til dei. Dette er ein stor fare for mennesket, og det fører med seg mange ulike former for vanskar. Manglande sjølvkjensle, undertrykking av ferdigheiter, undertrykking av legning, ein lever meir etter andre sine ønskje enn sine eigne. Etter kvart kan dette medføre langvarige lidingar, i form av psykiske vanskar, sjukdomar, langvarig rusmisbruk, eit liv fylt av hindringar ein sjølv har lagt i vegen for seg.

Det kan vere ein kronglete prosess å finne fram til det fargerike vi har inne i oss sjølv. Nokre finn det i tidleg alder, og tør stå fram med dei ferdigheitene dei har, andre held fram undertrykkinga. Det treng ikkje vere slik. Du kan gjere mykje ved å arbeide målretta og bevisst med deg sjølv, eller du kan snakke med nokon om det. Det å snakke med nokon om det, er vel det eldste hjelpemiddelet som finst i verda for å finne løysingar. Det er løysingar utan bruk av ein pille eller fem, eller av falske stimuli som berre gjer vondt verre.Blomstring Lev livet fullt ut.
Du har fullt ut av knoppar inne i deg. Knoppar som lengtar etter å få vekse opp, ha livets rett, og til slutt få slå ut i full blomst. Dersom du er ein av dei som helt ting som har livets rett tilbake i deg, undertrykkjer du mykje som er verdiskapande for deg sjølv, samtidig som det gir verdiar til andre. Gjer meir av det som gjer livet ditt rikare.
Jumping Dette er ein tanke som har funne vegen til friheita.
Eg syns dette bildet symboliserer kva som skjer med oss når vi tør å vere meir fargerike, og sleppe laus det positive i dei indre kreftene våre. Det er svært mykje verdiskapande i Positivitetslova: Positive tankar x positive handlingar = Positivt resultat. Ein klarer ikkje å få noko positivt fram ved å forsøke å kombinere negative tankar med positive handlingar. Difor, finn fram til dei kreftene du har i deg som gjer livet ditt meir positivt, og etter kvart langt meir positivt.
Finn fram til dei spørsmåla som hjelper deg å finne dei svara du leiter etter.
(c) Per Robert Tafjord
ps. Kjenner du nokon som kan trenge å lese denne miniartikkelen? Kan du då gjere meg den tenesta at du deler innlegget med FB-venane dine?

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s