Hindring nr 17: Lar du vere å feire framgangen din?

044 Det er lov å triumfere når du har framgang, og har overvunne gamle vaner.
Er du flink nok til å feire triumfane dine? Eg tenkjer ikkje berre på dei store bragdene, men også på dei små bragdene du når fram til. Som når du har sett deg eit mål om å nå noko, eller forandre noko, og så har klart å gjennomføre dette.
Det er lov å vere stolt av seg sjølv. Å gjennomføre endringar som gir eit betre liv, sjølv når endringane er små, er ikkje ei enkel sak. Det er ei sterk sanning i ordtaket «Gamle vaner er vonde å vende». Gamle vaner er innarbeidde i oss, og underbevisstheita vår protesterer når vi går i gang med å skulle forandre noko vi har gjort, eller ikkje gjort, i mange år. Når du f eks har overvunne «krokodilla» og gjort ei forandring, er det lov å vere litt Crocodile Dundee, og markere det litt. F eks med å vise deg sjølv ein triumferande tommel i veret i speilet. Og etterfylle med kommentaren: «Jess, eg klarte det, og no er eg klar for nye mål».
Det å markere ein framgang gjer god nytte. Gjer det til ein vane kvar gong du har innarbeidd ein ny, god vane.
(c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s