Hindring nr 16- Trur du at du ikkje kan??

080 For noko tull. Dette trur eg ikkje noko på.
Dei største hindringane vi menneske skaper for oss sjølve skriv seg frå den negative bruken av tankane våre. Det gjeld både den bevisste og den ubevisste tenkinga vår, det som litt etter litt dannar nedbrytane tankemønstre for oss. Vi menneske har det dessverre med å tenkje oss ned. Den indre skvaldringa vi har i oss, er nedbrytande. Den gjer at vi ikkje trur på dei eineståande kreftene vi har inne i oss.

Når eg fortel meg sjølv ofte nok «Dette klarer eg ikkje», så vil eg vanskeleg klare det. Fordi eg forer underbevisstheita mi med ei nedbrytande tru, og underbevisstheita lever ut det tankeskvalderet eg forer den med. I løpet av ein dag har vi menneske mange tankar, og for dei fleste av oss er hovudvekta av tankane nedbrytande, der vi programmerer oss for frykt for farer, og anna som gjer at vi ikkje meistrer.

Eigentleg er det ganske enkelt å forandre på dette. Så snart vi fortel oss sjølv at vi er flinke til noko, begynner underbevisstheita å lystre det nye vi fordel den. Først trur den lite på det vi fortel oss sjølve, men når vi er standhaftige, og held fram med å programmere underbevisstheita med positiv tankeforandring, får vi etter kvart nye handlingsmåtar.
Difor, mi klare oppmoding i dag er: Vit at du kan, og fortel deg sjølv at du kan det. Gjer dette kvar dag, morgon og kveld, i ein månad framover. Då skaper du ei forandring, uansett kva det er du ønskjer å forandre. Stå på.
(c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s