Kva hindrar meg ( nr 11) ? Frykt

014OVERVINN FRYKTA.

Det som kanskje stoppar eit menneske mest når det gjeld det å skape framdrift i eige liv, er frykta. Frykt er eit merkeleg fenomen. Det kan stoppe oss fordi vi er redde for å mislukkast, men jammen meg kan det stoppe oss også fordi vi fryktar at vi kan lukkast. Kva vil andre seie om eg satsar på dette, og får det til? Vil eg tole misunninga, vil eg tole undringa? Vil eg misse vener?

Frykt er ein sterk fiende. Den kan stoppe deg frå å gjere forandringar som vil gjere livet ditt betre. Det kan vere ei dørstokkmil i livet ditt, ei så sterk hindring at du let den få forme livet ditt. Eller – den kan bli noko du utfordrar og gjer noko med. Frykt har ikkje makt over deg, med mindre du let frykta få ha lov til å leve sitt liv i deg, utan at du gjer noko med det.

Hugsa du spøkelsa som lurte under senga di då du var liten? Når du skrudde på lyset, og i tillegg lyste på det med lommelykta, så var det ikkje der. Så snart du slokte lyset, kom det ofte tilbake. Slik er det med frykta også, når vi set søkelyset på det, så vil det først minke, så forsvinne. Korleis kan du så sette søkelyset på frykta? Du kan gjere mykje med den enkle teknikken at du leitar fram penn og papir, og begynner å sette ord på det du fryktar. Til meir du skriv om frykta, til mindre blir det att av den. Så lenge du ikkje gjer noko med den, har den herredømet over deg. Så snart du skriv ned alt du føler rundt frykta, skriv du samtidig kontrollen din over frykta inn i deg. Du viskar den langt på veg bort.

Prøv dette med dei ting du fryktar. Set ord på det, og gjer dei handlingane som skal til.

(C) Per Robert Tafjord

ps. treng du hjelp til å overvinne frykta og det stresset dette skapar i livet ditt? TA kontakt med meg på telefon 952 13 859

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s