Grunnsteinar for personleg styrke 5

071Eit menneske vil vanskeleg klare å gå gjennom livet utan å møte på problem og vanskelege utfordringar, samt små og større skuffelsar. Om ein klarer å unngå dette, vil ein normalt leve eit kjedeleg og lite utfordrande liv. Vi veks på både medgang og motgang, og det vi gjer når vi møter på begge deler.

Kvar møter vi så på det eg nemner ovanfor? Vi møter på det i samlivet, i jobben, og også av og til over hagegjerdet med naboane og andre deler av det sosiale livet vi til ei kvar tid har. Vi møter på det med uforutsette helseproblem, vanskar som ikkje direkte kan seiast å skrive seg frå livsstilen vår. Og innimellom kjem helseproblema også som ei direkte følgje av livsstilen.

Økonomien grip også inn i vår personlege styrke. Sjølv om god råd ikkje hindrer traumer og sorg, vil eit menneske meg god økonomistyring normalt ha det betre enn eit menneske som stadig vekk rotar det til økonomisk. Difor – om du føler du manglar personleg styring og styrke fordi du er ein slaur med pengane dine, er det på tide at du tek ei grundigare vurdering av korleis du brukar det du har disponibelt, og at du også vurderer kor mykje du sparer – og kor mykje du burde ha spart.

God sjølvkjensle og sjølvtillit gir nemleg også sterkare mental styrke, og det er med å overvinne motgangsfølelsen vi ofte ber med i oss gjennom tankane våre.

(c) Per Robert Tafjord

ps. «Eg er av den sterke meining at eit menneske ikkje klarer utnytte sitt maksimale potensial utan gjennom eit samarbeid med ein coach». Sitat frå ein næringslivsleiar i eit stort internasjonalt konsern. Treng du coaching? Ring meg på telefon 952 13 859 for ein gratis introsamtale. Du finn då ut om coaching er noko for deg.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s