Talet på alvorleg stressa og utbrende leiarar aukar

Ignition of match, with smoke on blackI siste nummer av bladet Personal og ledelse, formidla gjennom Ledernett.no, har dei ein artikkel om at talet på alvorleg stressa leiarar aukar. Dette er heilt i samsvar med det eg innimellom har skrive om her i Stressplaget- bloggen dei siste åra.

Talet på alvorleg stressa har auka katastrofalt dei siste 5 åra, og det er ikkje berre blant leiarar at auken er merkbar. Det merkast i mange ulike yrke, m a innan helse og innan undervisning.

I 2011 svarte 9 % av leiarane av dei ansåg seg som alvorleg stressa. I år er talet auke til 15 %.  Dette er ikkje langt i frå ei fordobling av tala, og det er skremande.

I undersøkingar i Danmark i fjor vart det også lagt fram forskningstal rundt kva stressbehandlingsmåtar som gav best resultat, og der kom, ikkje uventa, multi-disiplinær stressbehandling, på topp når det skulle påvisast effektive resultat av behandlingsformer.

Multidisiplinær stressbehandling er den behandlingsforma eg nyttar overfor klientane mine. Det er ikkje noko form for behandling i pilleform. Vi samarbeider med klienten, og lærer dei ulike disiplinar som skal utførast. Disse disiplinane gjer at dei får betre helse, auka forbrenning av stresshormon, betre oversikt over oppgåver, prioritering av rekkefølgje på arbeidsutførelse, kunnskap rundt skal-oppgåver og kan-oppgåver i arbeidet, samt mykje meir.

Eg set stor pris på at media vaknar meir rundt forebygging av stress, og skulle ønske det vert sett eit endå sterkare lys på det. Eg ønskjer også at fleire folk og bedrifter får opp augene for at stress er farleg, i mange tilfelle livsfarleg, då mange døyr av som følgje av skadene stress har påført dei kvart einaste år. Det er faktisk ikkje mykje som skal til for å ta knekken på stresspåkjenningar, når det vert gjort i tide. Til tidlegare eit menneske lærer seg å forebygge stress, til meir herleg blir livet.

Har du bruk for å auke kunnskapen din rundt stressforebygging? Ta kontakt. Den investeringa du gjer, er vel verdt den livsforbetringa du opplever.

(C) Per Robert Tafjord,

ps. ring meg gjerne på tlf 952 13 859 for ein gratis infosamtale rundt stressforebyggande coaching, eller for styrking av livsframgangen din.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s