God helse betrar innteninga

Eit firma er aldri sunnare enn helsetilstanden I firmaet.  Det kan vere  helsetilstanden til leiaren, men også til helsetilstanden til dei tilsette.  Det blir snakka mykje om høgt sjukefråver, og mindre om kvifor, med unntak av sterkt fokus på at reglementet knytt til sjukepengar gir auka fråver. Mange tilsette slit, og leiarane riv seg i håret og klagar på at fråveret kostar. Gjer leiarane det som skal til for å betre situasjonen? Svaret er ja, og svaret er nei.

Har helsetilstanden til leiaren og helsetilstanden til dei tilsette ein samanheng? Enno ein gong er svaret både ja og nei. I eit firma som legg til rette for at dei tilsette skal få muligheit til å bli sunnare gjennom tiltak i arbeidstida ser ein innimellom betringar, og innimellom at situasjonen ikkje endrast. Litt trening i seg sjølv gjer moderat for å få ned sjukefråveret, viss ikkje ein samtidig legg vekt på å verdsette at mennesket er eit heilt menneske, med ein balanse mellom fritid og arbeidstid. Eit menneske med ein heil aktiv livsstil har oftare mindre fråver enn ein som er meir oppteken av berre jobb og trening, og forsakar eit meir deltakande aktivt familieliv, samt sosialt liv med vener og kulturelle opplevingar.

Led gjennom å vere eit eksempel.

Undersøkingar viser at ein leiar som går føre ved å vere eit godt eksempel , lettare får dei tilsette til å følgje etter seg, og m a trene og vere meir aktive. Men – ein leiar som seier «ha det bra» og stikk frå arbeidsplassen for å trene til m a Birken, og som gjer noko som dei tilsette under seg ikkje kan gjere, går ikkje føre med dette eksempelet. Ein går føre ved å gjere det andre også kan gjere.

Gi rom for rask avspenning

Ein person som let att augene, legg hendene i fanget og mediterer i fem minutt, vil normalt bli sett rart på. Det same vil ein person som veit at vi ofte tenkjer best når vi ofte ikkje tenkjer bevisst, og  som tør å koble frå i fem minutt, meditere, og la det som vil kome få lov til å kome.

Slike avspenningar er langt meir verdiskapande enn folk flest er klar over. Difor, draumen min om avspenningsrom for kvile og meditasjon på arbeidsplassar lever framleis. Eg trur at det enno går litt tid før det får gjennomslag, men det kjem. 5-15 minutt meditasjon og avspenning gjer mykje –og gir masse påfyll, og aukar arbeidsinnsatsen.

Gå ein  tur saman med sjefen, eller med ein kollega

For ca 10 år sidan vart den såkalla «Walk-talk» forsøkt innført på nokre arbeidsplassar. Det vart ofte, som med så mykje anna, forsøkt ein til to gongar, for så å stoppe opp, fordi det ikkje gav nokon effekt.

Gå-snakken har absolutt sin misjon. Ein kan ta ein tur saman med sjefen, eller sjefen saman med ein tilsett, eller ein tilsett saman med ein kollega, og drøfte ei utfordring borte frå arbeidsplassen. Ein slår då tre fluger med ein smekk:

  1. Ein får trene
  2. Ein bygg relasjonar
  3. Ein ser utfordringane betre når ein er litt borte frå arbeidsplassen

Har du tankar om andre enkle ting som betrer helsa på arbeidsplassen? Tankar blir tekne mot med takk.

© Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s