Grunnsteinar for personleg styrke

071Av og til begynner eg sjølv å lure litt på kvifor eg har gjort eitt eller anna. Det skjer m a når eg finn att noko som det er ei stund sidan eg har laga. Her ein kveld fann eg att eit tankekart med mange små tankar som er sjølvutviklingsstrategiar for å blomstre i motgang.

Den første setninga i tankekartet seier: Livet blir ikkje enklare. Det er vi som blir sterkare. Det er nok mykje sanning i dette. Kvart einaste menneske møter på ei eller anna form for motgang i livet. Nokre av oss blir etter kvart flinke eller i alle fall flinkare til å mestre dei problema, eller som mange kallar det, utfordringane vi møter. Andre går ikkje inn i det som skal utfordrast og lærast, og blir ofte verande i problema sine.

Når vi grip fatt i problema, og ser kva dei kan lære oss, får vi med oss erfaringar som gjer oss sterkare. Det gjer at livet blir lettare og meir innhaldsrikt. Vi meistrer det å leve. Vi er sterkare og flinkare.

Mi lille oppfordring på ein fredagskveld er: Dersom du har eit liv som ikkje er like enkelt, sjå kva du kan gjere med dei utfordingane du møter på. Lær av livet, og du får eit sterkare liv.

Kveldens lille mantra: Eg taklar utfordringane, og finn positive løysingar på dei.

God helg til alle.

(c) Per Robert Tafjord

ps. Steinane i illustrasjonsbildet er fotografert i Geiranger, henta frå kunstverk i stein og staur som elevar ved skular i Stranda kommune hadde skapt. På steinen står det:

Stauren

Stauren

er ein påle

med kunnskap

Pålen

har

mange minne

gøymt

i treverket

Men dei

er det berre

stauren

som veit

om

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s