Kva unnskylding brukar du for å halde deg sjølv tilbake?

Vi menneske er flinke til å halde oss sjølv tilbake. Og vi nyttar vanlegvis ei unnskylding mest. I tillegg sper vi på med andre, om vi treng endå eit argument for å la vere å gjere noko vi inst inne veit vi har lyst til, 0g godt av å forandre på.

Dei ti på topp-unnskyldingane er:

1. Eg er for gammal ( eg kjem litt meir tilbake til denne)

2. Eg er ikkje smart nok.

3. Eg har ikkje nok utdanning

4. Eg er redd for at eg skal mislukkast i det eg vurderer å prøve på.

5. Eg treng pengar for å tene pengar.

6. Eg har allereie prøvd ut alt som eg kan prøve.

7. Det er egoistisk av meg å ville ha det betre.

8. Eg føler ikkje at eg virkeleg fortener dette om det lukkast.

9. Eg har ikkje viljestyrken som skal til.

10. Alt det gode eg vil prøve er allereie gjort av andre.

Eg vil litt tilbake til punkt 1. Dette har ein tendens til å utvikle seg m a som følgjer: 1. Eg er for ung. 2. Eg må få meg ein familie først. 3. Eg må vente til barna begynner på skulen. 4. Eg må vente til barna er ferdige på skulen. 5. Eg har enno god tid. 6. Eg begynner å få for lite tid. 7. Eg er snart for gammal. 8. Eg er for gammal. 9. Jaja, her ligg eg på gamleheimen, og ser tilbake på eit liv, der eg hadde lyst til å leve ut ønskja mine, men kom meg aldri i gang.

Kva ønskjer du å kome i gang med, og som du evt treng nokre spark i baken for å realisere? Det er berre å ta kontakt med meg.

(c) Per Robert Tafjord  Tlf 952 13 859 / 70 25 02 46 ( delvis tilgjengeleg på dagtid på denne).

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s