I don’t like mondays ( og litt om ferjer i drift ein måndagsmorgon)

For mange år sidan spelte Boomtown Rats inn songen » I don’t like mondays». Og det er visstnok ikkje Bob Geldof åleine om. Eg reknar med at mange av dei som  som stod  i ferjekøa på Ørsneset i dag tidleg hadde det på same måte. Eg anar at nokre av dei 50 som stod att i køa kl 0710 ( og kanskje seinare avgangar også) var «litt» stressa. Ein telefon til kjæresten min avkrefta at ho var ein av dei som stod att. God utsikt til fjorden viste ei ferje som låg og manøvrerte i snegelfart, noko som framskunda avgangen heimafrå tilstrekkeleg mange nok minutt til at ho var på rett side av ferjelemmen då 0710 la frå.

Denne vesle måndagshelsinga skulle handle om positiv tenking. Vi menneske havnar av og til i tidsnaud eller i uforutsette køer. Då er det lett for å bli litt «I don’t like mondays» også når køa eller tidsnauda oppstår på andre dagar. Kva gjer vi då? Leit fram gleda i deg. Kvifor ikkje bruke pausen når du likevel må ha «handbrekket» på til noko positivt. Slappe av og tenkje på noko positivt for eksempel? Og spe på den positive tenkinga med å tenkje korleis du skal gjennomføre dei positive handlingane, slik at den uforutsette pausen i ferjekøa kan gi deg uforutsette positive resultat?

Ved at vi aksepterer ein situasjon slik den er akkurat her og no, og at vi ikkje kan gjere noko med akkurat det, kan lede oss til å gjere noko anna – også akkurat her og no.

Det var ikkje meininga mi å skrive noko om ferje i det heile, men eg har allereie gjort det. Måndagar er 1/7 av livet til eit menneske. Forviss deg om at du står opp med rette foten først. Det gjer du enklast ved å forvisse deg om at du set begge føtene på golvet akkurat samtidig. Så tenkjer du: For ein herleg morgon, for ein god start på det som er mi fantastiske veke.

Gi ein klem til partneren din ( om du har), smil til katten, fortel gode ting til deg sjølv om deg sjølv når du ser deg i speilet, hels blidt på naboen når du reiser til jobben, og gi eit gledesnikk til andre på vei til jobb. Ver glad i deg sjølv, tenk positivt, og tenk «I like mondays».

Ha ei god veke fylt med positive tankar og positive handlingar som skaparpositive resultat for deg sjølv og andre.

Per Robert ( som likar måndagsmorgonar, og tysdag til sundagsmorgonar også).

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s