Bruk lidenskapen du har i ferdigheitene dine

I ein lite innsmett i siste nummer av bladet Success  vert det lagt fram ein dokumentasjon på kor mykje det betyr å bruke dei sterke sidene vi har. «Bruk dei sterke sidene dine, det vil redusere stresspåkjenningane dine, og gjere det lukkelegare» konkluderer artikkelen.

til meir du brukar dei sterke sidene dine, til betre rusta er du mot negative kjensler og mentale plager, inklusive negative tankar om deg sjølv og krisene som kan oppstå rundt deg.

Eit menneske som brukar dei sterke sidene dei har mest muleg fullt ut vil ha langt sterkare positive kjensle, og ha berre rundt 50 % av stressnivået til ein negativt tenkjande.  Undersøkinga viser m a at blant av menneske som karakteriserer seg som negativt tenkjande har ein som brukar dei streke sidene sine mellom 0-3 timar dagleg har 48 %  angst og 52 % er stressa. Negativt tenkjande som brukar dei sterke sidene sine i meir enn 10 timar pr dag reduserer angsten til 27 % og stress til 37 %. Med andre ord – det gir klar positiv effekt å få bruke dei sterke sidene sine mest muleg i løpet av ein dag.

Korleis står det så til med dei som er positivt tenkjande? 75 % av dei som held på med trivselsaktivitetar av alle slag i mindre enn 3 timar pr dag seier dei er lukkelege, og 58 % seier dei er godt avslapp. Om dei aukar akivitetar der dei brukar dei gode sidene sine til over 10 timar, aukar tala 93 % og 73 %.

Oppmodinga mi er: Ver mest muleg positiv, gjer det du trivest med å gjere, og du vil ha eit langt betre liv. Har vi eigentleg noko å surmule over?

(c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende artikler. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s