Ha ein enkel meny, sjølv om du inviterer mange på påskemiddag

Posted on 2. april 2012 by , så dette er altså rei reprise frå 2012

Påskehøgtida er også ei tid for å invitere middagsgjester. Menneske du inviterer både for den gode praten og for den gode maten. La det bli mulegheit for begge deler. Både for deg og gjestane.

Når mange inviterer skal det vere så storstilt. Timar med førebuing, hesebles til og frå for å halde alt varmt nok med gjestane får i seg maten. Uro for at alt smakar, sjølv om du har lukkast med det kvar gong du har laga det tidlegare.

Gjer det litt annleis denne påska, og andre gongar du inviterer. Okei, er det 40-50-60-70-årsdagen din, så er det greitt å markere med ein flott meny. Elles, gjer det så enkelt at det vert kos for alle.

Sats på ein kvalitetsrett, og ein kvalitetsdessert, + litt anna godt å bite i til kaffien. Det vil spare tid for deg, det vil ikkje gjere det så komplisert, men det vil gjere det trivelegare for gjestane dine. Eg trivst aldri når eg knapt ser den eg besøker. Når han/ho fyk fram og tilbake mellom bordet og kjøkenet utan ro.

Verdset kvaliteten i det du serverer, ikkje ei nesten uoverkomeleg mengde. La gjestane dine føle dei er verdsette og velkomne.

Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

ps. har du tankar og synspunkt rundt innlegget? Nøl ikkje med å legge att eit svar. Og – har du tips til enkle smaksfulle påskemiddagsrettar? Berre kom med oppskrifta.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende artikler og merkt , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s