10. Gjer ein ting som ikkje er «deg» kvar månad

Vi menneske lever stort sett etter gamle vanar. Det som vi ein gong programmerte inn i oss, eller etter det vi fekk programmert inn av foreldre, besteforelde, lærarar, kameratar og andre i barndommen. Vi gjer vel stort sett det vi gjer ut i frå gamle vanar – og også nokre uvanar. 

Treng det vere slik? Skal vi ikkje tøre å utfordre oss sjølve? Gjere noko vi ikkje «kan»? Difor- ta eit minioppgjer med deg sjølv i dag- og bestem deg for at før utgangen av mars ( 2013 altså) skal du ha gjort noko som ikkje er «Deg». Noko du ikkje har funne på før. Det treng ikkje vere det store og drastiske. Om du er heavy metal nytar – kvifor ikkje finne deg ein konsert med noko som er meir klassisk prega- og omvendt? Undersøke mangfaldet. Bytte ut slalåmskia med langrennskia og omvendt ein dag i påska? Overraske partneren din med ein ekstra romantisk kveld – midt i veka? Be ein ven du ikkje har ete frukost saman med på årevis til frukost?

La ikkje mine idear stoppe deg. Berre gjer noko  som er eller har blitt uvanleg for deg. Og la eg gjerne få vite det ved at du publiserer det her.

(C) Per Robert Tafjord

ps. Eg skal kome attende med kva som blir min uvanlege aktivitet seinare.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s