Endå litt meir om å ta vare på seg sjølv

Å ta vare på meg sjølv først er for egoistisk ! Men – er det det? Dersom du ikkje tek vare på deg sjølv, kven skal då ta vare på deg?

Dersom du er den som alltid svinsar rundt, er travelt oppteken, og sørger for at dei andre i familen har det godt og triveleg, og alt innan rekkevidde, og aldri tek godt nok vare på deg sjølv, plutseleg så døyr, kven skal overta etter deg då?

Syns du spørsmålet er dumt og lite realistisk? Sannheita er at det døyr mange menneske, brått og brutalt i relativ ung alder, som «aldri» har fått eit teikn på at noko kan vere gale.

Difor  -stopp opp og tenk litt på dei tre følgjande spørsmåla:

1. Kva har du gjort for deg sjølv av positive påskjønnelsar i det siste?

2. Kva gjer du for å ta godt vare på deg sjølv og helsa di?

3. Korleis brukar du å verdsetje deg sjølv?

Vi menneske forsøker ofte å få eit betre liv ved å forandre på omgivelsane våre. Vi skifter arbeidsgivar,  men tilstanden vår forandrar seg ikkje. Vi skifter bustad, men dei nye naboane er like håplause. Bilen blir bytta ut, men du finn ikkje freden i den. Til slutt vurderer du også å kvitte deg med partneren din. Og ofte skjer det også. Likevel, problema er med i sekken du pakka då du for, for å seie det slik. Du merkar ikkje noko forandring.

Kva vil eg fram til? Vi menneske får ikkje ei forandring før vi sjølve gjennomfører forandringa i oss. Difor, gjer ei forandring med årsakene, og dei har du normalt inne i deg, framfor å ta ein «pille» i form av å forandre det eksterne du har rundt deg. Det første hjelp normalt best.

(c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s