Hugsar du korleis sikkerheitsinstruksen på flya er?

Når eg jobbar med alvorleg stressa menneske er det viktig å få dei til å vurdere korleis dei tilrettelegg livsaktiviten sin. Mange jobbar lange dagar, tidleg opp og seint i seng, og skal i tillegg ha omsorg for opptil fleire born, også av ulikt opphav. Det krev sin mann og si kvinne fullt ut. Og mange prioriterer ikkje omsorga for seg sjølv godt nok.

Eg brukar då ein variant av sikkerheitsinstruksen som flyvertane les ved flyavgang som eit eksempel, og refererer til at det er klienten min, barnet til klienten, og arbeidsgjevaren som skal ut på ei reise saman. Eg spør då om sikkerheitsinstruksen er som følger: I tilfelle oksygentrykket i flyet fell, vil det falle  ned ei gassmaske framfor deg. Då er det viktig å først feste gassmaska på sjefen din, så på barnet ditt, og om du framleis er i stand til det, fest gassmaska på deg sjølv». Så spør eg om det er slik det er. Av og til får eg faktisk bekreftande svar. Litt etter litt blir dei imidlertid i tvil, og kjem til at dei skal feste maska først på seg sjølv. Når eg så spør kvifor, får eg vite at dersom dei ikkje tek vare på seg sjølv først, kan dei heller ikkje ta vare på andre etterpå.

Då er spørsmålet mitt: Kvifor praktiserer såpass få menneske nettopp det, å først ta vare på seg sjølv, slik at dei deretter kan hjelpe andre menneske. Det er IKKJE egoistisk å seie at eg sjølv er det viktigaste mennesket i livet mitt. Uenig?

(c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Coaching og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s