Har du tid til litt vårreingjering – i livet ditt?

Vi har akkurat lagt bak oss vinteren, og våren er i ferd med å gjere sitt inntog. Sjølv om snøen ligg med eit tynt og dekkande lag mange stadar. Naturen er i ferd med å gå inn i ei stor forandring. Er det slik også med deg?

Vi menneske føler ofte eit behov for å ta ei vårreingjering. Oftast er dette noko vi gjer i huset og ute i hagane. Og – dersom vi er rett harde med oss sjølve, klarer vi innimellom å kaste noko, slik at det ikkje treng bli liggande som husefyll – i hus eller i garasje. Vi ser også litt på oss sjølve, og tek ofte ei rask vurdering om oss sjølve og den tilstundande sommarsesongen i shorts eller bikini, og i nokre dagar – inntil gangsperra hindrar oss, forsøker vi å gjere noko for å kome inn i fjorårets storleik på sommarkleda. Og ikkje så reint sjeldan forsvinn det også nokre kilo.

Kva så med vårt indre? Treng det også ei vårreingjering? Oftast er tankar og kropp oppfylt av gammalt rusk og tankerask som er der og plagar oss og skaper meir tungsinn og uro enn det vi bør ha med oss inn i våren. Difor gjer det godt å leite fram støvsugaren og vaskekosten og ta ei indre reingjering. Vask og kost i alle indre krinkelkrokar, og få bort tankar og tungsinn som ikkje har nokon plass i deg no når det er vår. Alt som er med oss frå fortida som skapar uro i oss har ikkje nokon plass i nuet vårt. Okei, eg seier ikkje at du skal gløyme rekningane dine, dei som forfall i forrige veke. Noko må du gjere noko med.

Når du driv på med den indre vårreingjeringa di vil du kanskje finne att noko du har gløymt. Gamle draumar og mål. Handlingar du har hatt lyst til å gjere, men aldri funne ut korleis du skal gjere det. Ta deg litt tid når du er ferdig med den indre vasken, og tenk litt på det du skal gjere. Bruk litt tid på å planlegge kva du skal bruke våren til – også når det gjeld måla dine.  Dette gjeld både mentale og fysiske mål. La dei gjerne få gå hand i hand. Ta godt vare på helsene dine og deg sjølv denne våren.

Coachingspørsmål: Kva kan du bruke ei mental vårreingjering til, for å få bort gammalt indre rusk, samt skape nye vanar som vil gi deg eit betre liv i vår? Kva er det viktigaste området eg treng å forandre noko på i mitt indre? Treng eg å tilgi nokon? Treng eg å gi slepp på noko som har vore skuffande for meg? Treng eg verkeleg å vere så perfekt i alt eg gjer? Er det noko eg har hatt lyst til å gjere lenge, som eg ikkje har gjort, men som eg no SKAL gjere?

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

Tlf 952 13 859   www.stressplaget.no

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s