9. Ta eit lite steg på vegen mot draumen – kvar dag

083Det blir sagt at den enklaste måten å ete ein elefant på er ved å ta ein bit om gongen. Det same gjeld langt på veg når vi skal nå eit mål- vi kan ikkje sluke elefanten i eit jafs. Vi må gå vegen til det store og noko uoverkomelege målet i mange små steg. Som med elefanten – ta ein bit kvar dag. For å nå høgare, må vi også ta eit trinn oppover i gongen.

Dette gjeld i grunnen uansett kor stort eller lite mål du arbeider med. Okei, er det eit moderat mål trengst det normalt ikkje delast opp. Men – om målet f eks er å gå ned 10 kg – så gjer du ikkje det over natta, sjølv om det finst dei slanketilboda som lovar deg 8 kg vektnedgang på 7 dagar. 7 dagar etterpå er vekta tilbake.

Når du set deg eit litt større mål, del det opp, og gjer ei handling kvar dag på vegen til det store målet. Noter ned kva du gjer, då det medfører at du følgjer opp forpliktinga sterkare enn utan notat.

Kva mål har du? Skriv det ned, og gjer ei handling på vegen til målet i dag. Du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord KreAktiv formidling

lyst å nå fleire mål i samarbeid med ein coach? Berre ring meg

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s