5.Hugsar du det du likte å gjere då du var barn?

055Når eg jobbar med stressa menneske er det ofte noko som går igjen – noko dei ikkje gjer, og som kunne ha redusert mykje stress. Lysta til å leve ut meir av barnet i seg. Lysta til å vere meir spontan att. Berre gjere det ein har lyst til, utan å tenkje for mykje på «konsekvensane» på førehand. Tenkje meir «Pytt Pytt, eg prover». I staden skjer det ofte at ein tenkjer så mykje konsekvensar og «kva dei andre vil seie» – at ein aldri kjem i gang med å gjere det ein har lyst i.

Difor- bruk meir Pytt Pytt om andre sine meiningar, og gjer meir av det som er dine lyster. Forfør- og forfør deg sjølv. Tenk på det følgjande: Gå tilbake til då du var 10 år. Kva ville ha vore ein herleg sundagsaktivitet for deg?  (denne artikkelen er lagt inn på ein sundag). Distanser deg litt bort frå ditt x antal år gamle liv, og tenk litt som ein 10-åring. Fin februartur i skogen for å høyre på fuglane som kvitrar, ein lengre tur i fjellet på ski, ein hobbyaktivitet som du ikkje har gjort på x antal år ( måling, blokkfløytespeling, fisketur på kaia), ringe til naboen for å høyre om de skal grille pølser. Finn fram att barnet i deg, og gjer noko du har lyst til å gjere. Og gjer det ikkje berre i dag. Spontaniteten gjer godt, og Pytt i kva andre evt tenkjer. Lukke til, og du kan det du vil.

© Per Robert Tafjord  952 13 859

Ps. Ta gjerne kontakt dersom du har behov for coaching knytt til bistand med å finne fram barnet i deg. Ofte er nokre få timar saman nok, og det kan hjelpe deg å fristille spenningar i deg som for tida er med å legge band på deg, og gjere deg stressa. Sei ja til eit meir spontant liv.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s