Eit intervju med meg sjølv – om korleis du kan unngå stress

Kvifor likar du å arbeide med menneske som er stressa?  Vel, det eg likar å jobbe mest med overfor privatpersonar er å forebygge stress, slik at folk ikkje blir så alvorleg stressa at dei må bort frå jobben i kortare eller lengre tid. Så sanninga er vel eigentleg det stikk motsette, eg likar mest å hjelpe menneske med å ikkje bli stressa, slik at dei slepp å slite med stress i livet sitt. Dessverre, mange av dei som jamleg er utsett for stress-påkjenningar, kan for lite om korleis dei kan bearbeide dette umiddelbart, slik at dei slepp å gå rundt med stresshormona herjande i kroppen så lenge at det medfører alvorleg stress og utbrentheit. Og når først eit menneske har blitt det, er det minst like verdfullt å bidra til å få dei finn tilbake til sin sunne livstilstand.

Er det lett å bli kvitt stress? Stress er individuelt, som alt anna. Nokre menneske tåler svært mykje, andre langt mindre. Nokre går på små smellar regelmessig, nedturar som dei overvinn utan sjukmeldingar, eller med kortare sjukmeldingar. Andre ser tilsynelatande ut til å ha det godt, heilt fram til den store smellen kjem. Der ein over natta ikkje orkar å gå på arbeid, og blir vekke både eitt og to år før kreftene er tilbake. Så – mi meining er at det er lett å bli kvitt stress, forutsett at ein er viljug til å lære metodane – før ein blir stressa. Forebygging av stress er like viktig som all anna helserelatert forebygging.

Kva kan eit menneske gjere for å lære seg stressforebyggingsteknikkar?  Mi klare meining er at ein skal satse bevisst på å bruke ei avspenningstid kvar dag. Dette kan vere trim, meditasjon, gode samtalar, sex, sunne måltid, ein dag i veka heilt utan å gjere noko arbeid, godt påfyll av latter og song, og eit harmonisk familieliv. Det siste – i kombinasjon med ein arbeidsplass som vektlegg at det skal vere god trivsel -og samtidig tilrettelagt for positiv utvikling av den einskilde, betyr også mykje for stressforebygginga.

Vidare kan dei lære seg innhaldet i bøker som tek opp stressforebygging, dvs ikkje berre lese det som intellektuell underhaldning, dvs lese og la vere å gjere,  men praktisere det og lære seg korleis ein skal gjere det. Ein kan også forebygge mykje gjennom bruk av guida cd-plater, der ein lærer seg å lytte til kroppen og slappe av. Og- delta på kurs. Til meir du kan, til betre blir kvardagen. Når du lærer deg vere oppmerksam på deg sjølv og det du begynner å kjenne, er det langt enklare å forebygge.

Kva så – når smeller er der? Mitt første råd er – gå alltid til legen, og kom deg dit så tidleg som råd. Få ei god undersøking, som kan både bekrefte og avkrefte. Slå deg aldri til tåls med at «at dette er berre stress». Stress kan vere livsfarleg, og kan f eks i neste fase bli eit infarkt. Eg er tilhengar av behandlingsformer som går på årsakene, som finn ut kva som gjer at ein blir stressa, og at ein så lærer seg å forebygge stress. Framfor berre å ta ein eller fleire piller som demper symptoma, men som ikkje gjer noko med årsakene. Årsakene MÅ bort. Du må lære deg å beherske dei for framtida, om du skal få ei stressfri framtid.

Den behandlingsforma eg benyttar, som kan kallast multidisiplinær stressbehandling –eller også multifunksonell behandling, lærer kvar av dei eg jobbar saman med kva dei sjølve må gjere for å forbetre situasjonen sin, og unngå å la stresshormona få ta overhand i framtida.

Dersom du er i tvil om det er til hjelp, er det berre å ringe meg på 952 13 859. Du får då vite meir om korleis eg jobbar, omfanget av det og prisane mine.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende tjenester og produkter og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s