Eg er glad i deg / eg elskar deg

Mor Theresa sa følgjande tankefrø: – Ver ikkje redd for dei små og gode orda. Dei tek ikkje lang stunda å seie, men ekkoet vil alltid rulle.

Dette er svært fornuftige ord. Likevel har vi menneske ofte vanskar med å finne ut kva vi skal seie av gode ord til andre. Det gjeld overfor den næraste familien, foreldre og søsken, vener, naboar og kolleger. Det er merkeleg nok flautt å seie verdifulle ord til folk vi likar, og som vi er nær.

To enkle og gode variantar er: Eg er glad i deg / Eg elskar deg. Begge blir nok for lite brukt. Og ofte også for lite vist. Overfor sin næraste og kjæraste er «Eg elskar deg» noko som forsterkar. Likevel – for mange verkar det som: Eg sa no det til deg i 2011, og inntil du hører noka anna, gjeld det framleis». La oss vere litt meir rause med orda, til den som gjer livet vårt mest meiningsfylt.

La oss også, frå og med i dag, vere flinkare med å seie til barna våre: Eg er glad i deg. Gjerne etterfylt med ein klem eller eit anna synleg kjærteikn. I svært mange tilfelle kan faktisk denne enkle handlinga vere medisin som forhindrar framtidsvanskar for eit barn. Det å sjå, høyre og føle at ein er elska, at dei næraste er glad i ein, forhindrar ofte mange vanskar. Å føle seg elska er medisin utan tablettar, i form av auka sjølvkjensle.

«Eg elskar deg / eg er glad i deg» – er tre /fem enkle ord å seie. Sagt med kjærleik, og vist med kroppsspråk og tonefall gir dei svært mykje. Likevel, vil brukar dei for lite. Er det på tide å gjere noko med det frå og med i dag.

(C) Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling

Tlf 952 13 859

ps. Har du nokon som treng å lese dette? Gi dei gjerne ein link til bloggen min.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s