Verdien av å blogge om stress ( snart 6000 klikk)

Stressplaget-bloggen nærmar seg 6.000 klikk, og vil truleg passere dette i løpet av denne helga. Kvifor sit eg og formidlar ulike eigne og andre sine innlegg om stressplager, måtar å forebygge på, og tiltak som eit menneske, samt ansvarlege arbeidsgjevarar kan gjere for å få eit mindre stressa kvardag?

Fordi dette er noko eg ser verdien av å hjelpe andre menneske med. Eg opplever at samfunnet blir meir og meir stressa, og er oftare og oftare i tidsklemma. Fleire og fleire jagar og når ikkje over alt. Når eit menneske har kome så langt i utviklinga av eit stress-forløp av sjukmelding er einaste løysing for å finne tilbake til kreftene, vil dette ofte vere ein kostbar veg tilbake for arbeidstakar, arbeidsgjevar og samfunnet for øvrig. Forebygging kostar langt mindre, og eg ser på mine små blogginnslag som ein måte å kunne bli med å bygge opp kunnskap, og forebygge stress – utan at dette kostar noko for lesarane.

Javisst, eg arbeider med sterssforebygging og behandling av meir alvorleg stressa og utbrende, som ein del av den sjølvstendige næringsaktiviteten min. Og bloggen min er også ein måte å få seg nye kundar på. Eg er ærleg nok til å seie at det er viktig for meg å nå kundar gjennom bloggen, samtidig har eg stor glede over å sjå – og for å få tilbakemeldingar om at den er til god hjelp for folk som vil vite meir om stressforebygging. Eg er også glad for at den ligg langt oppe i søkemotorane når folk søker råd om stressforebygging.

For deg som vil vite endå meir om stressforebygging, sjå også sida www.stressplaget.no

(C) Per Robert Tafjord  tlf 952 13 859 / 70 25 02 46

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stresstips og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s