Multidisiplinær stressbehandling

Kva er eigentleg multidisiplinære behandlingsformer som blir brukt mot sjukdomar og langtidsplager etc? Eg ser at det blir brukt i ulike samanhengar, og med ulikt faginnhald. Ulike multidisiplinære metodar blir også nytta til behandling av ulike sjukdommar og andre helsemessige tilfelle. For mange av dei gjeld det at det blir nytta ved vedvarande sjukdomstilfelle, også ved sjukdommar som må reknast for å vere siste del av livsfasen.

Innanfor stressmestringsrelatert arbeid av langtidsstressa  som går inn og ut av sjukmeldingsperiodar, samt med utbrende som har vore ute av arbeidslivet, kan behandlingsforma vi bruker seiast å vere multidisiplinære hjelpeformer. Vi arbeider ut frå at den ramma må finne fram til årsakene til at dei har hamna i ein alvorleg stressa livssituasjon, og at dei også aktivt må lære seg ulike måtar å bekjempe stresset dei er ramma av, og  lære korleis dei kan forebygge framtidige stressplager. Det er ikkje bruk av piller som avspenner, det er metodar som opnar opp kunnskapen om kva som er årsakene, kva ein sjølv må gjere for å overvinne problema.

Dansk forskning har førebels fastslått følgjande basert på oppfølgingsundersøkingar av effekten av ulike former for hjelp, samt mangelen på hjelp blant meir alvorleg sjukmelde. Det slår fast følgjande:

Dei som ikkje har hatt noko anna form for hjelp enn legebesøket: 24 % er tilbake i jobb etter 3 månadar

Tradisjonell psykologhjelp: 36 %

Multidisiplinær hjelp: 77 %.

I den behandlingsforma vi som er sertifiserte stresscoachar frå Forebyg Stress ApS ved Bjarne Toftegård benyttar , er m a Bo Netterstrøm, Dr med, overlege og leder av Arbeidsmedisinsk klinik ved Hillerød sykehus, sin anerkjente metode vore ein inspirasjons-faktor i utviklinga av behandlingskonseptet. Toftegård har også nytta kunnskap frå Stresscentret Kalmia, eit senter med lang praksis og gode resultat, når han utvikla sitt behandlingskonsept.

Ved multidisiplinær stressbehandling nyttar vi aktivitet som overvinn stresspåkjenningane. Du får ei opplæring i kva stress er, og du får lære mange måtar å overvinne stress på. M a å finne ut når du er stressa, korleis du merkar det, kva som er årsaka, og kva du kan gjere for å overvinne stresspåkjenninga, no og i framtida. Du lærer deg å bruke 7 gode aktivitetar som fjerner stress. du lærer deg nye vaner, du lærer deg å takle det du ikkje rekk over her og no, du lærer deg å gi slepp på spenningar, du lærer deg å prioritere deg sjølv høgast, du lærer deg å benytte nye tankemåtar om deg sjølv, samt mykje anna. I tillegg tilpassar eg behandlingsforma mi til kvar einskild person sine behov. Dette er komplette behandlingsformer som du ikkje får tilgang til hos mange andre her i landet i dag. Difor er også resultatet av behandlingane vi gir så bra at det verkeleg blir lagt merke til.

Den metoden vi sertifiserte stresscoachar nyttar, og som er utvikla av Bjarne Toftegård, har over tid vist seg å vere svært effektiv, og ligg i snitt minst på høgde med dei resultata danske stressforskarar erfarer via multidisiplinær behandling, dvs minst 77 % tilbake i jobb etter 3 månadar.

Difor, om du har slite med stress lenge, og ønskjer å få bli kvitt det, ta kontakt med meg på telefon 952 13 859 / 70 25 02 46.

(C) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s