God jul til alle

Eg vil ønskje alle som er regelmessige og uregelmessige lesarar av denne bloggen ei god jul. Interessa for denne sida har auka på jamnt ut over i 2012, og eg er glad for at den vert lagt merke til.

Den har vore moderat etterfylt med nye innlegg i den siste månaden. Oppdatering av fagkunnskap har fått utløp på andre måtar. Likevel har det vore ein positiv straum med daglege klikk. Når juleferien er over vil sida bli meir aktiv att.

Hugs på at jula skal vere ei høgtid også for gleda. Ta godt vare på deg sjølv, hugs å slappe av mellom aktivitetane. Når du sjølv er godt kvild og i harmoni med deg sjølv, er du det same også overfor andre. Difor, ta deg 5 minutt med mental avspenning innimellom, der du berre opplever roa. Dessverre er jula i mange tilfelle også ei stresshøgtid.

Så to gode råd:

* Det er ikkje det du et mellom jul og nyttår som evt er skadeleg. Det er det du et mellom nyttår og jul.

* Når ein et i jula er det viktig å hugse på at innhaldet  i magen skal bestå av: 1/3 mat, 1/3 drikke, og 1/3 tomrom.

Ha ei herleg jule- og nyttårshelg.

Per Robert

ps. Tilbake i jobben 4. januar 2013.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Livsvisdom og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s