ER stresscoaching bortkasta pengar?

Grunnen til spørsmålet er at eg ein skjeldan gong vert verkeleg oppgitt. Over andre menneske som også jobbar med å betre folk si helse. Mellom anna over psykologar – der eg har opplevd at nokre få langt på veg pålegg alvorleg stressa og utbrende klientar å la vere og benytte tenestene mine. Fordi det «berre er bortkasta» pengar. Det er høgst merkeleg når ein psykolog kan gå sterkt ut å seie dette – utan i det heile å ha sett seg inn i kva tenestespekteret mitt inneber.

Erfaringane som mine stressa samarbeidsklientar har hatt etter å ha gått gjennom 8 samtalar med opplæring, erfaringsutveksling, samt fysisk og mental eigenaktivitet, har vore gode. Det har forhindra sjukefråver, det har redusert sjukefråver, og det har fått folk tilbake i jobb. Det har gitt folk tilbake trua på seg sjølv og eigen mestring.  I dei to tilfella der det ikkje har vist betydeleg framgang har dette kome av at forpliktinga om å vere proaktiv, det å vere i eigen aktivitet for å betre situasjonen sin, ikkje har vore gjennomført. Å tru at forandring skal skje utan å gjere ei forandring med seg sjølv, er som å tru på at under skal skje.

 Stresscoaching er ikkje medisin i pilleform, men hjelp som går på årsakene. Dersom du som les dette, og som trur du vil ha nytte av eit samarbeid med meg, går til psykolog og føler at denne legg opp til ei hindring, be psykologen din om å ringe meg for å få vite meir om korleis samarbeidet mitt med eit stressa eller utbrent medmenneske fungerer.

Tlf 952 13 859.

Per Robert Tafjord

Ps. Det er gledeleg å få nye oppdrag fordi klienten har blitt oppmoda av lege om å nytte meg fordi legen har merka rask framgang sine pasientar som har samarbeidd med meg. Det er også gledeleg å få nye klientar på grunn av anbefalingar.

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s