3 spørsmål som kan forandre det meste i livet

Eit livsforandrande Minikurs

3 spørsmål som kan forandre det meste i livet

 Korleis kan eg forandre på den situasjonen eg er i akkurat no? Har du nokon gong stilt deg sjølv det spørsmålet?

Mange menneske har lyst til å forandre på noko i livet sitt, men kjem aldri i gang. ER det noko du har lyst til å forandre på akkurat no? Der du kan kome deg godt i gang ved å bruke noko av helga for å kome deg i gang? Det er mange ulike område vi kan ønskje å gjere ei forandring innafor. Det kan vere knytt til karrieren, kjærleikslivet, familien, gnissingar overfor ein ven eller i nabolaget. Du kan gjere mykje ved å benytte deg av tre enkle spørsmål, dersom du også tek deg tid til å arbeide  med svara.

Korleis er min noverande situasjon? 

For å kunne gjere ei forandring, og for å kunne legge merke til at det skjer forandringar til det betre, må du skaffe deg ein oversikt over den gjeldande situasjonen du er i. Mange menneske kan føle at dei står fast i noko, men er likevel ikkje merke problemet før dei er viljuge til å legge merke til problemet. Ein som f eks et tre brødskiver for mykje fordi det er så godt ser ikkje problemet før dei er viljuge til å sjå det. Ein som stadig vekk er hissig overfor andre medmenneske ser ikkje at det mest sannsynleg er dei sjølve som har problemet i seg før dei er viljuge til å sjå på situasjonane dei stadig vekk hamnar i. Ein som tek tre drammar for mykje både fredag og laurdag, og to drammar kvar kveld elles i veka, ser ikkje at det eksisterer eit problem før dei vel å sjå nøyare på kva som ligg bak forbruket. Du må innrømme, og så sjå på situasjonen og innrømme at noko er feil. Når du først gjer dette, er det langt lettare å gjere meir, og forbetre det som treng å forandrast.

Kvar ønskjer eg å vere?

Det er til liten hjelp om du ønskjer ei forandring, men ikkje veit kva eller kvar du ønskjer å nå gjennom å gjere forandringa. For å forandre noko må du vite kvar du vil i din nye situasjon.

Som coach opplever eg av og til denne situasjonen, som kan samanfattast slik:

–          Eg ønskjer å gjere ei forandring.

–          Kva forandring ønskjer du å gjere?

–          Eg veit ikkje, men berre få meg dit.

Dersom du sjølv er i ein situasjon der du har det slik, vil du ikkje kome deg av flekken. I samarbeid med ein coach vil du då bli stilt mange spørsmål som avdekkar kvar du vil, og så litt etter litt, kva du treng å gjere for å kome deg dit. Du vil litt etter litt begynne å finne ut kvar du vil, og så korleis du skal kome deg dit.

No skriv eg dette for at du skal kunne gjere noko på eigen hand ( du kan sjølvsagt bruke tenestene mine om du føler at du treng dette), og for at du skal kunne begynne denne helga. Tenk på kva du ønskjer å forandre, kvifor du ønskjer å forandre det, og kva du treng å gjere for å innarbeide forandringa. Bestem deg for kva du treng å gjere først, og så får du meir kjøt på beina gjennom ei utvida planlegging i etterkant.

Korleis kan eg kome meg dit eg ønsker?

Dette er tilsynelatane eit enkelt spørsmål, men det er tøft å gjennomføre i praksis. Ofte stoppar eit ønskje om å gjere opp i planleggingsprosessen. Ein kjem ikkje i gang, men sit og jobbar ut planane. Tenkjer korleis, kvar, kvifor og kva. Då er det langt betre å nytte seg av Nike sitt slagord: Just do it / Berre gjer det. Når du veit at du ønskjer å gjere ei forandring, og du veit kva du treng å forandre, så berre gjer det. Et to brødskiver mindre, og gå ein tur i tillegg. Hopp over drammane – også dei du tidlegare tok før dei tre som vart for mykje – og gå heller ein tur i staden. Tel til ti når du blir hissig, og sjå litt på situasjonen også frå motparten si side.

Så snart du gjer små steg på vegen til ei forandring, vil målet kome stadig nærare. Om du vil ha ein ny jobb, men ikkje har all ferdigheita som krevst i dag, start med å lære deg litt om det du ønskjer dagleg.

*Bruk gjerne eit familiemedlem som din coach. Ein som stiller deg spørsmål som leiar deg i rett retning. Eller ring til ein coach som kan bistå deg med å gjere forandringa. Det treng ikkje koste så mykje som du trur det vil koste deg, og fordelane vil vere verdifulle for framtida di.

Lukke til.

© Per Robert Tafjord, KreAktiv formidling   Ps:

Kanskje på tide å sette ned farta og finne ei ny retning? Kanskje er det på tide å sette ned farta og finne ei ny retning?

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Stressforebyggende artikler og merkt , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s