Kor raskt skal folk som har «møtt veggen» tilbake til jobb?

Eg ser at det blir lansert forslag om at menneske som har møtt veggen skal snarast muleg tilbake til jobben. «Å møte veggen» blir i praksis nytta når eit menneske er alvorleg stressa, i så alvorleg grad at det kan seiast å ha den noko upresise «diagnosa»  utbrentheit.

Når eit menneske er utbrent, er det ikkje mykje jobbreserver att. I mange tilfelle opplever den ramma det som batteriet er på minuslading. Der det faktisk er vanskeleg å gjere EIN liten frisk ting dagleg. Ifølgje verdens helseorganisasjon (WHO) skuldast minimum 50 % av sjukefråveret i vestlege land stressplager. I ein del statistikkar opererer WHO med så mykje som 75 % av sjukdom som stressrelatert. Av stressfråveret skriv så meir enn 50 % seg frå forhold PÅ arbeidsplassen.

For eit menneske som har eit «flatt batteri» vil så det å skulle kome seg på jobben, ein time dagleg, fordi «du har så godt av det», vere noko som forlengar sjukemeldingstida med månadar, og i nokre tilfelle også år. Eit utbrent menneske vil ofte ha bruk for 2 års tid for å lade seg opp att til sitt gamle eg, om dei nokon gong når heilt tilbake til det. Difor er det, etter mi meining, eit livsfarleg tullprat når Anniken Arbeidsminister og andre vil innflre dette. Dei vil oppleve at det i alt for mange tilfelle berre gjer vondt verre.

Eg opplever at mange alvorleg stressa og utbrende får eit tilbakefall i den helsemessige framdrifta si når leger og arbeidsgjevar vil ha dei tilbake, om berre litt, når dei sjølve har ein kropp som reagerer med tilbakefall med auka stressplager som resultat.

Difor, skjer ikkje alle over ein kam, og vurder kvart einskilt tilfelle. Lytt til fagfolk, og ofte er det beste fagfolket den som har plagene.

(c) Per Robert Tafjord

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s