Tankar ein stille morgon

Klokka viser 0718. Ute held haustmørket enno grepet minst ein time til. Månen, som er på ne, viser seg enno av og til gjennom skylaget. Eg er på kontoret mitt. Roleg musikk gir forsterkar roen og harmonien i meg.

Framfor meg ligg ein ny spanande dag. Der eg får arbeide med det eg har lyst til, å hjelpe menneske. Ein samtale med eit menneske som er stressa, og treng lære seg å finne ei forandring som gjer at livet blir meir i harmoni med det som han ønskjer å ha meir av i livet sitt. Og ein samtale med ei som, ved sida av jobben,  er i ein aktiv omsorgsrolle for ei ung dotter som treng omsorg.

Ved sida av dette skal eg grave meir i eigne tankar og i tilgjengeleg litteratur, for å forme ut meir på eit kurs / Workshop som heiter      » Slik kan omsorgspersoner forebygge stress og utbrenthet».

Det er ein fin morgon. Det er herleg å kunne gå til eit arbeid der eg får ha eit arbeid som er til hjelp for andre, eit arbeid som skapar forandring for menneske som treng det. Det er også herleg å sjå at fleire og fleire i nærmiljøet ser at terkselen for å nytte coachingsteneste ikkje treng iverksetjast når strikken er tøygd for langt. Coaching er også ei lavterskelteneste som gir stor forandring for den som treng det.

Morgonhelsing frå Per Robert, medan morgonen enno er stille, og klokka no viser 0726.

Ps – Ha ein herleg dag – og ta deg tid til små pausar med avspenning og refleksjon. Minner også om at du kan ringe veiledningstelefonen  på 70 25 02 46 i dag mellom kl 1430 – 16 om du vil vite meir om stressforebygging og anna coaching.

 

About Per Robert Tafjord

Per Robert Tafjord arbeider som coach innan stressmestring og proaktiv problemforebygging med privatpersoner, større firma og det offentlige som kunder. Han lærer andre å forebygge stress og problem ved å bruke proaktive problemforebyggingsmetoder, før stress og problemer skaper vanskelige livssituasjoner. Han bruker spesialtilpasset coaching, tilrettelagt for å få alvorlig stressede og utbrente tilbake til sin gamle veremåte på kortest mulig tid. Han bruker også mange multidisiplinære stress- og problemmestringsteknikker, som i tillegg til å forebygge, også også m a øker arbeidseffektivitet og reduserer tidsbruk. Arbeidet skjer gjennom hans personlige firma Proaktivt Påfyll. Han skaper og arrangerer også kurs og seminarer knyttet til stressmestring og proaktiv problemforebygging innen mange ulike temaer. Er Sertifisert finansiell rådgiver BI, Sertifisert livscoach frå Advanced Life Coaching Institute, Sertifisert stresscoach frå Forebyg Stress ApS, og sertifisert Business Success Coach frå American University of NLP. Hovudmålsetting: Bidra til at du som medmenneske får eit betre liv, samt bruke ferdigheitene dine på best muleg måte for deg sjølv og dine medmenneske.
Dette innlegget vart posta under Livsvisdom og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s